– Trening skal vera sosialt!
Nytt lågterskel treningstibod kombinerer intensiv styrketrening med høg sosial faktor.
I fjor haust starta Rune Haugland, saman med mellom anna kona Heidi og Sissel Bahus, opp med treningsformen Tabata éin dag i veka i ungdomshuset på Haugland.
– Vi ville tilby eit gratis lågterskeltilbod kor folk kunne koma i den formen dei var.
– Treningsforma er felles, men likevel individuell.
– Om du klarer 2 eller 20 repetisjonar speler inga rolle. Målet er at du i løpet av perioden skal klara litt fleire.
– Ein treningskveld er vanlegvis fem til sju minutt oppvarming og åtte fireminuttersøkter, forklarer Haugland.
Utvida og flytta
Tabata er høgintensiv styrketrening kor ein køyrer kombinasjon av to eller fire øvingar med 20 sekund aktivitet, 10 sekund pause. Alt i løpet av fire minuttersøkter.
Tilbodet har etterkvart blitt så populært at éin kveld på Søre Neset blei for lite. No har dei til saman rundt 90 deltakarar på treningskveldane.
– I tillegg starta Eivind (Hodneland, journ.mrk) opp med ei gruppe til på Kuventræ.
– No har vi samla oss i Industrivegen kor vi har leigd lokale rett ved Os vidaregåande skule, i første omgang for to år.
– Her har Eivind trening sundagar og onsdagar, og vi tysdag og torsdag, seier Haugland.
Frå slanking til aktiv livsstil
Haugland har, som Hodneland, vore distributør av Herbalife i mange år.
– Dette er ikkje eit kurs eller eit opplegg kor folk forpliktar seg til å kjøpe noko som helst, forsikrar Hodneland.
– Dei som vil, får sjølvsagt kosthald-vegleiing med kroppsscanning og tett oppfølging, men det er opp til kvar og ein.
– Det å sjå at folk kjem seg i betre form er det som driv oss, meir enn at vi skal selja produkta, supplerer Haugland.
24Fitclub har utvikla seg til å bli eit landsomfattande tilbod med treningsmiljøer, kor deltakarane kan delta også om dei er på reise.
– Vi vil ha tak i dei 80-prosentane som ikkje går på treningsstudio eller driv anna fysisk aktivitet. Folk treng å koma seg opp av sofaen.
Startar ny gruppe over påske
For å gje tett oppfølging til dei som ønskjer det, har dei to treningspartnerane laga eit opplegg som strekk seg over fire veker.
– Sjølv om vi har eit fire vekers opplegg, så er det berre å troppe opp ein av dei fire dagane vi har trening.
– For dei som vil vera med i litt fastere former, så startar vi opp nye grupper over påske, men allereie laurdag har vi open dag for dei som vil koma innom for å høyre meir om opplegget, avsluttar dei to.