Historisk seriestart for Lysekloster
Debuterer i 2. divisjon i dag: Lysekloster suste gjennom 2015 uten et eneste tap, men må klara topp 7 i 2. divisjon for å unngå nedrykk.
På bildet, bak f.v.: Gojko Ivkovic, Baste Jonassen, Thomas Helland, Christer Olsen, Hans-Christian Nysæther, Tommy Gaustad, Sindre Flaa, Ståle Steen Sæthre og Denis Ljubovic. Framme f.v.: Øyvind Nilsen, Ken Joar Føyen, Martin Eidsvik, Ole Kristian Olsen, Mikal Kirkevik Brekke, Chris Sunde Midtun, Joakim Hjelmeland, Sigve Rørstad og Aleksander Andersen.
Ikkje på bildet: Ola Sjømæling, Steffen Finsådal og Petrit Zhubi.
Lysekloster speler i dag sin første kamp i 2. divisjon, som i år skifta namn til PostNord-serien. Serieopninga går på bortebane mot Lørenskog (kl 15.00).
I 2012 rykte Lysekloster opp for fjerde år på rad, satsingsklubben gjekk frå 7. til 3. divisjon i rekordfart, men måtte finna seg i at det blei to år med nesten før dei i 2015 kunne sleppa jubelen laus igjen - klubben tok eit historisk steg inn i norsk toppfotball.
– Trass ein sesong utan tap blei det spenning til siste runde. Det var utruleg deilig å snu kampen mot Bjarg og sikra opprykket. Men det hadde faktisk vore meir irriterande å ikkje klara det enn det var gøy å rykka opp, etter ein så sterk sesong, innrømmer trenar Ørjan Sandal.
Sandal leia laga alle dei fem åra det rykte opp og har saman med broren Thomas trenaransvaret også i år, når dei skal kjempa i PostNord-serien. Det kan bli ekstra tøft når det no er vedtatt nytt seriesystem og 2. divisjon skal reduserast frå 4 til 2 avdelingar.
Klarte å halda på alle
Etter fest og ferie i november var hovudfokuset for klubben å halda på flest mogleg av dei som spelte mest i haust.
– Vi har klart å halda på alle og det er vi veldig nøgde med.
I tillegg har klubben fått tilbake to tidlegare spelarar og signert to nye (sjå liste under).
Under tak gjennom vinteren
Sandal fortel om ei veldig god oppkøyring med eksta fine treningsforhold.
– Vi har hatt tre dagar i veka i Vestlandshallen.
Fokuset har vore å drilla spelestil, då store delar av stallen var ny i fjor og dei framleis har hatt eit stykke igjen på å få alt til å sitja.
– Dessverre har vi hatt ein del skadar i vinter, men dei fleste er heldigvis på veg tilbake.
– No ser vi fram til 10 dagar i Spania i mars.
Her kan du lesa om treningsleiren – Lysekloster hadde 10 dagar i Spania før påske.
TRENINGSKAMPAR OG RESULTAT
22/1 Lysekloster - Nest-Sotra 1-3
2/2 Lysekloster - Gneist 3-1
11/2 Lysekloster - Vestsiden-Askøy 1-0
26/2 Lysekloster - Varegg 3-4
Spania: Lysekloster - Vindbjart 1-2
Spania: Lysekloster - Lödde 0-1
HEIMEKAMPAR - 3 FØRSTE
Onsdag 13/4 speler Lysekloster NM-runde mot Os på Kuventræ
Laurdag 16/4 kl 16.00 Lysekloster - Fana
Søndag 1/5 kl 16.00 Lysekloster - Vålerenga 2
Laurdag 14/5 kl 16.00 Lysekloster - Nest-Sotra
SPELARAR UT: Preben Skorpen, Øystein Takle Eide, Kjetil Hansen og Johannes Jordal.
SPELARAR INN: Steffen Finsådal, Ole Kristian Olsen (keeper), Ken Joar Føyen og Denis Ljubovic.
NEDRYKKSODDS
Nordicbet.com trur Frigg og Stord får det tøffast i ny divisjon og at Lysekloster vil halda seg.
Frigg 1.10
Stord 1.21
Lørenskog 1.41
Vålerenga 2 1.41
Fana 1.45
Førde 1.45
Florø 1.60
Sola 1.65
Lysekloster 1.70
Fyllingsdalen 1.80
Vidar 2.50
Vard Haugesund 2.95
Nest-Sotra 11.50
Egersund 11.50
Midtsiden følgjer: Lysekloster fotball