Siste test før seriestart
Lysekloster-spelarane er heime etter eit vellykka opphald i spanske Albir. Laurdag tar dei imot Odda.
Lysekloster hadde lagt opp til eit langt opphald med høgt nivå i den spanske feriebyen Albir, og sånn blei det.
– Vi budde på eit veldig fint hotell, Albir Playa Hotel & Spa, og banane var fantastiske. Førre lag som trente på anlegget var landslaget til England, fortel Ørjan Sandal.
Det blei litt ommøblering av treningsplanen då dei, i tillegg til svensk motstand, fekk spørsmål om å spela treningskamp mot Vindbjart i Spania.
Dermed blei det to treningskampar i staden for éin.
Gjorde god figur mot Vindbjart
Vindbjart kom på 6. plass i Oddsen-ligaen (2. divisjon, no PostNord-serien) avdeling 3 i fjor.
Lysekloster øvde på å ligga lågt og tok leiinga på kontring. Kampen enda med 2-1-tap, men Sandal er nøgd.
– Her var det mykje bra både av innsats og prestasjonar.
Neste treningskamp gjekk mot svenske Lödde, som skal vera frå toppen av 3. divisjon.
– Det såg ut som om vi tok for lett på denne kampen, mot eit lag vi fint hadde slått om vi spelte som mot Vindbjart.
Kampen enda 0-1.
Fleire friske bein inn mot Odda-kampen
Lysekloster reiste med 20 spelarar og 6 i trenarapparatet, berre Sindre Flaa var heime (grunna skade).
– Vi har hatt ein del skade i vinter, men no er alle tilbake eller på veg tilbake, Christer Olsen, Sindre Flaa, Hans-Christian Nysæther, Tommy Gaustad, Sigve Rørstad og Ståle Steen Sæthre.
– Enkelte manglar litt treningsgrunnlag, men det er ein lang sesong så det skal blir bra med speletid til alle som viser at dei vil og kan.
I går var første trening heime etter treningsleir og påske, allereie laurdag skal Sandal-brørne få testa ut ein del spelarar.
Då er siste treningskamp før seriestarten borte mot Lørenskog 9. april.
Lysekloster - Odda startar klokka 15.00.
Midtsiden følgjer: Lysekloster fotball