Hissig start på 2013
Om morgonen første nyttårsdag måtte politiet henta ein mann på Halhjem. I helga var det også bråk i Lysefjorden og i Os sentrum, i tillegg har politiet fått melding om funn av båt.
Nyttårhelga gjekk ganske stille for seg i Os, bortsett frå slåsting på ein privatfest på Kuven, der ein gjeng inviterte og uinviterte gjestar .
Les òg: Knuste flaske i hovudet
Førebels er ingen meldt etter den episoden, det blir litt opp til partane. Men vi vurderer å oppretta sak uavhengig av kva som kjem inn, seier politibetjent Tom Johannessen.
Politiet fekk også klage på støy frå nachspiel på Gudriflaten i 2.30-tida nyttårsaftan. Dei fekk pålegg om å dempa seg.
Henta på Ole B
To kveldar før, natt til søndag 30. desember, var det eit arrangement på Ole B.
Også her blei det litt bråk.
– Vi rykte ut og då hadde det roa seg. Vi tok med ein gjest som seinare blei kjørt heim. Det er litt uvisst korleis det starta og kven som hadde gjort kva, men førebels er det ikkje oppretta sak på episoden.
Vist vekk frå Bar2Be
Same natt kom det melding om at vaktane på Bar2Be hadde tatt hand om ein vanskeleg gjest.
– Han sto igjen utanfor og lagde kvalme, men vi viste vedkomande vekk og gav han pålegg om å halda seg vekke frå Os sentrum, seier Johannessen.
Hissig på Halhjem
I 05.50-tida første nyttårsdag fekk politiet melding om ein hissig mann som gjorde hærverk og oppførte seg trugande utanfor ei adresse på Halhjem.
– Vedkomande, ein mann midt i 20-åra, blei henta av patrulje frå Fana og plassert i fengsleg forvaring, opplyse Johannessen.
Fann båt på rek
Laurdag blei det funnen ein gummibåt på rek i Lysefjorden.
– Ein mann som bur i Sperreviksvegen har tatt hand om båten, ein gummibåt eigna for påhengsmotor, men som var utan motor då den blei funnen.
Eigar kan kontakta lensmannskontoret.