Lokal | 01. jan. 2013

Knuste flaske i hovudet

Brannvesenet har hatt ei roleg nyttårsvakt, politiet rykte ut på melding om masseslagsmål.

Knuste flaske i hovudet
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. jan. 2013 02:09

Nyttårsaftan rundt midnatt fekk politiet i Os melding om masseslagsmål på Kuven.

– Ein mann i 20-åra hadde fått ei flaske knust i hovudet, fortel politibetjent Thomas Juulseth.

Mannen blei tatt med av ambulanse til legevakt for sjekk.

Har namn å gå etter

Mannen som skal ha slått eller kasta ei flaske i hovudet på ein av dei inviterte til festen var vekke då politiet kom til staden.

– Men vi har namn å gå etter, seier Juulseth.

Det var då ei gruppe uinviterte gjestar kom til ein privatfest at det byrja å bli bråk.

– Vi har fått ulike forklaringer på kva som har skjedd, men mykje tydar på at det ha vore det vi karakteriserer som masseslagsmål på staden.

Roleg kveld hos brannvesenet

Politiet har berre fått inn éi melding relatert til fyrverkeri, den kom frå ein i Hagavik som meinte naboane ikkje var varsame nok.

Hos brannvesenet har det vore stille denne nyttårsaftan.

– Det har vore mykje fyrverkeri i Os, men vi har ikkje fått inn melding om problem eller brann nokre stadar, seier Terje Håvardstun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.