Hissig puddel
Politiet: Puddel beit etter folk ved bussterminalen. Katt påkøyrd på Haugland. Eigar av kajakkar melde seg.
Tysdag fekk politiet melding om at ein kvit puddel beit etter folk ved bussterminalen i Os sentrum.
– Patrulja snakka med hundeeigar, som fekk muntleg pålegg om å halde kontroll på hunden, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Katt påkøyrd
På kveldssida kom det inn melding med nok eit dyr involvert.
– EIn katt blei påkøyrd og etterlatt i vegbanen på Haugland.
– Saka blei overtatt av vegtrafikksentralen.
Brot på besøksforbod
Frå ein institusjon kom det tysdag kveld melding om at ein person som har fått forbod mot å oppsøkja institusjonen hadde kome på besøk.
– Det er ein gjentakar som har behov for hjelp, men som kanskje har ropt ulv litt mange gongar på litt feil måte.
– Det er eit komplisert bilete, som ikkje passar heilt inn i det A-4 systemet samfunnet legg opp til. Vi ser på om det er andre måtar å løyse dette på, fortel Sperrevik.
Kajakkeigar funnen
Politiet etterlyste måndag eigarane av to kajakkar som hadde blitt funnen på rek utanfor Os sentrum.
– Det viste seg at dei tilhøyrde Solstrand.
– Det skal ha vore to gjestar som hadde lånt dei, og trekt dei opp i fjøro etter turen, men ikkje langt nok opp på land.
– Når floa kom har dei truleg blitt tatt med ut på sjøen.