Kajakkar funnen på rek
Politiet: To kajakkar blei sundag funnen på rek utanfor Os sentrum. Båtfolket oppførte seg i finvêret.
Sundag ettermiddag blei to kajakkar funnen på rek omlag 500 meter utanfor Os sentrum.
– Det er ein gul og ein blå kajakk.
– Den eine har eit øydelagt ror.
– Om nokon kjenner til desse, ber vi dei kontakta lensmannskontoret, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Kajakkane befinn seg på lensmannskontoret og kan hentast der. Dokumentasjon på eigerskapet eller lignande vil bli krevd før dei blir utlevert.
Politibåten på kontroll
Sundag hadde òg politibåten kontroll i Os-skjergarden.
– Båtfolket oppførte seg fint og hadde alt på stell.
– Politibåten var òg ute på melding om ein daud hjort på sjøen.
– Den viste seg å ligga på ein plass kor det var så grunt at båten ikkje kom til, så dei fekk ikkje gjort noko med den.
– Dyret skal ikkje vera til sjenanse for nokon, seier Sperrevik.
Innbrot var barnestrekar
På ettermiddagen fekk politiet melding om mogleg innbrot i to leilegheiter på Søfteland.
– Det viste seg at det truleg var nokre ungar som hadde ripa opp dørene ved hjelp av ein leikehammar eller noko liknande, avsluttar Sperrevik.
Politiet påtraff òg ein berusa mann i Os sentrum i 18-tida sundag ettermiddag. Denne blei satt i bevegelse på plassert på bopel.