Her er gullmålet
Sondre Nystad klinte til med venstrefoten og sikra gull i Lagunen Fotballfest. Sjå bildeserie av skåringa og jubelscenane.
Os smågutar 13, som i vår tok bronse i Varegg Cup, gjekk heilt til topps i Lagunen Fotballfest.
Finalen, som gjekk mot Gneist, blei avgjort på golden goal.
– Eg fekk eit innlegg av Tobias Nøss og tenkte at eg får klina til på første touch, fortel Sondre Nystad, som blei matchvinnar då han sette ballen inn med venstre fot, til høgre for keeper.
Smågutelaget har ikkje vore med på golden goal før, og ikkje alle fekk med seg at ekstraomgangen var over då ballen var i nota.
– Eg var jo kjempeglad for at vi tok leiinga, men først då alle storma banen forsto eg at alt var over, at vi hadde vunne.
1 baklengsmål på 7 kampar
Os vann dei innleiande kampane 5-2, 2-0 og 2-1.
I sluttspelet vann dei 1/8-finalen 3-1 før dei slo Sædalen 4-0 i kvartfinalen og Fana 3-0 i semifinalen.
Der 3 av dei 4 måla imot var handicapmål motstandarane blei tildelt fordi dei speler i 2. divisjon.
Os og keeper Kay Milan Goitowski hadde med andre ord berre eitt baklengsmål i løpet av heile turneringa.