Vann gull på golden goal
Lagunen Fotballfest: Både G13 og juniorlaget sine finalar blei avgjort på overtid.
Søndag formiddag spelte Os smågutar 13 og det eine juniorlaget til Os finalar på Stavollen.
Juniorlaget tapte på golden goal, då det blei laga straffe og Smørås sette denne i nota.
Også i finalen for G13 sto det 0-0 etter ordinær tid.
– Det var knallgøy, vi har aldri vore med på dette før, seier Robert Nøss, ein av trenarane.
Sondre Nystad sette inn 1-0 for Os og innbytarar, trenarar og foreldre storma banen.
– Det var eit godt lag, men vi hadde nokre store sjansar i 1. omgang og kunne avgjort tidlegare.
– Men dette var heil optimalt, synest Nøss etter finalesigeren over Gneist.
Os G13 har frå før bronse frå Varegg Cup i år og i fjor, og fleire av spelarane var med på å ta bronse i ei eliteturnering med allianselaget i Stavanger i sommar.