Kultur | 19. feb. 2016

Henrik ute av Idol

Det blei ikkje noko langt Idol-eventyr på deltakaren frå Os. – Men eg melder meg kanskje på igjen ein annan gong, seier Henrik.

Henrik ute av Idol
Henrik Øyerhavn gjekk vidare frå første runde. I kveld blei det ikkje godt nok. (Foto: TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. feb. 2016 22:07

Henrik Sandven Øyerhavn frå Os var blant deltakarane i årets Idol-sesong.

Etter å ha venta ei stund på eit avgjerande «ja» frå Vinni i dommarpanelet kom Henrik vidare til Oslo.

– Det var ei fantastisk helg, fortel Henrik, som vi i kveld fekk sjå på skjermen i andre runde.

Song Foo Fighters

Øyerhavn hadde framleis med seg gitaren og tok ein versjon av Foo Figherts-låta «Best of You» som han på førehand åtvara dommarane om var veldig kul.

Men dommarane syntest ikkje det var kult nok og sendte Henrik ut av konkurransen.

– Eg er skuffa over eg sjølv, eg var ikkje så god i dag, seier Henrik til TV2 etter at det var klart at han ikkje gjekk vidare.

– Gav meirsmak

Henrik, som går på skule i Trondheim, har vinterferie og er i Os i dag.

– Eg er på Kyrkjetunet med nokre venar og har sett programmet på opptak så eg kan så det seinare, fortel han til Midtsiden.

– Eg var skuffa der og då, men eg var ikkje lei meg så lenge. Eg veit eg kan betre og kjem kanskje til å melda meg på ein gong seinare, eller i eit anna program. Det gav meirsmak!

Henrik har òg fått oppleva både fine tilbakemeldingar og å bli kjent igjen på gata.

– Det har berre vore positivt. Det er mange flinke som er med og eg har blitt kjent med ein god del. Eg har fleir favorittar og har ikkje heilt bestemt meg for kven eg vil stemma på når den tid kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.