– Heilt perfekt!
– No gjeld det berre å få osingane til å melda seg på Norske Talenter og som publikum dei to innspelingsdagane, seier produsent Jannicke Engan i Monster.
I september blei det kjent at auditionen til Norske Talenter blir spelt inn på Os. Måndag førmiddag vitja delar av crewet bak produksjonen Oseana for å ta huset i nærare augesyn. Dei lot seg imponera.
– Dette er heilt perfekt. Det er nytt, fresh og har alt vi treng.
– Utan tvil noko av den beste lokasjonen vi har spelt inn. Samstundes er det kjekt å trekka innspelinga ut av dei store byane, fortel Jannicke Engan.
Treng 2000 publikumarar
Det er ein svær produksjon som kjem til Oseana sundag 8. og måndag 9. desember. Omlag 100 personar trengs på huset for å få programma på teip.
– Vi var så lystne på å bruke huset at vi aksepterte å ikkje få koma inn før Vamp er ferdige med sin konsert laurdagen.
– Det gjer at vi bruker natt til sundag for å rigge oss inn, men det gjer vi med glede over å få nytta huset.
– No håper eg berre osingane stiller som publikum, oppmodar produsenten.
Plakater og hyl er topp
Saman med produksjonsleiar Ida Tanum Michelet håpar Engan at osingane tør vera litt ville og by på seg sjølv.
– Vi skal ha fire opptaksbolkar i løpet av dei to dagane.
– Til kvar av opptaka treng vi omlag 450 tilskodarar. Jo meir engasjerte dei er jo betre er det.
– Vi ønskjer at publikum tør bua når dei er ueinige med dommarane og jubla når dei ser noko dei liker. Det er publikum som lagar gromstemninga.
– Om dei tek med seg plakatar for sine artistar og slår seg laus er sjansen god for å hamna på tv, sjølv om du ikkje står på scenen, smiler dei to.
Har du lyst på gratisbillett til innspelinga av Norske talenter sender du ein e-post til nt.publikum@monstermail.no.
– I år må vera året
Monster står også bak produksjonen av Idol, kor Eirik Søfteland som kjend blei nummer to i sist sesong.
– Responsen har vore god og det er mange gode acts som har meldt seg, men det er framleis ikkje for seint.
– Det er vel ikkje nokre osingar som har gått heile vegen tidlegare, så i år må det vera året for at ein osing gjer det, smiler Jannicke Engan.
Påmeldingsfristen er 27. oktober, så det er framleis tid til å melda seg på.
Dommarane i årets program er Mia Gundersen, Omer Bahtti, Bjarte Hjelmeland og Lisa Tønne.