Monster valte Oseana
I desember skal det vera audition til TV2-programmet Norske Talenter. Produsent Monster kjører dei to dagane for Bergen i Os sitt kulturhus.
– Det blir audition på scenen, jury på golvet og publikum i salen, i tillegg til venterom og øving i andre salar. Dei har leigd heile huset, seier salsansvarleg Astrid Heggland i Oseana KF.
Monster har leigd Oseana søndag 8. og måndag 9. desember til audition til TV2-programmet.
– Vi gler oss veldig til det som blir den første TV-produksjonen i Oseana.
Styreleiar, ordførar Terje Søviknes, som også var leiar for både adhocutvalet og byggekomiteen, gler seg over at Monster og TV2 vil bruka kulturhuset, som var Årets Bygg då det sto nytt i 2011.
– Vi hadde internmøte med både NRK og TV2 då vi planla Oseana, sånn at vi fekk deira kravspesifikasjonar med, for framtidig bruk til TV-produksjon og sending.
Påmelding og publikum
Oseana har vore vertskap for fleire talent- og musikkonkurransar, som UKM lokalt og for Hordaland, og rockekonkurransen Battle of Bjørnafjorden.
Med Norske Talenter så tett på osingane kan det kanskje bli ekstra høg lokal deltaking.
Uansett må deltakarane først gjennom pre-cast, som er i Bergen. Audition i Oseana er den som blir vist på TV, over to kveldar.
På monstercasting.no kan du lesa meir og melda deg på.
Det er gratis å vera publikum, dei som er interessert i å sjå audition LIVE i Oseana kan senda epost til Monster.
Dagen etter Vamp
Samtidig som Oseana-leiinga gler seg over den spennande leigetakaren veit dei at dei går ei svært travel helg imøte.
Laurdagen er det nemleg konsert med det populære bandet Vamp i same sal.
– Denne gong er konserten for ein sal med rigga amfi, så det skal nok gå bra, trur kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Kven som skal vera jury i årets Norske Talenter skal etter det Midtsiden kjenner til lanserast av TV2 i kveld.