Hassan og Goto speler Grieg
Søndag er det tid for den andre av åtte planlagte klassiske sommarkonsertar i Oseana.
Oseana held denne sommaren fram med klassiske konsertar om søndagane.
Komande helg er det tid for den andre av i alt åtte konsertar, som MusicaNord leverer parallelt med konseptet Grieg in Bergen, som kvart år har 40 konsertar i Bergen.
Denne gong lover MusicaNord eventyrleg bratsj.
– Kven veit, hadde Grieg sjølv vore på konserten i Oseana ville han kanskje ombestemt seg og skrive sin cellosonate slik vi får høyra den i Oseana, for bratsj og klaver, seier Michael Süssmann, leiar for MusicaNord.
(Han siktar naturlegvis til komponisten Edvard Grieg, ikkje "Oseana sin far", Per Grieg)
Eventyrleg
Det er Oliviero Hassan (bratsj) og Mai Goto (piano) som speler i Oseana søndag. Forutan Grieg speler dei verk av Schumann og Prokofiev.
– Tornerose og Rapunzel. Romeo og Julie. Både Shakespeare og Brødrene Grimm luskar i kulissene når Oliviero og Mai står på scenen.
– Eventyra møter vi i form av Schumanns "Märchenbilder" - scenar frå kjente eventyr. Romeo finn vanlegvis si Julie i Prokofievs store ballett; i søndagens mesterlege bearbeiding får vi høyre utdrag frå balletten i kammerform, fortel Süssmann.