Kultur | 15. mars 2016

Har venta i 3 år på Bjarte

Osingane har spørt etter Bjarte Hjelmeland i tre år. På tre dagar har han nesten selt fullt hus på Oseana.

Har venta i 3 år på Bjarte
«Bjarte Hjelmeland - I lånte fjær» kjem til Oseana i september (pressebilete)
Andris Hamretysdag 15. mars 2016 14:58

Fredag i førre veke slapp Oseana nyheita om at Bjarte Hjelmeland kjem til kulturhuset med framsyninga «I lånte fjær» til hausten.

I løpet av helga har 360 av dei 490 billettane blitt riven vekk.

– Vi visste at Bjarte Hjelmeland var populær og at det ville bli rift om billettane, men at det skulle gå så fort hadde eg ikkje trudd, seier Janne Mari Hjelle, arrangements- og marknadskoordinator ved Oseana.

Hjelle fortel at dei har hatt jamnlege spørsmål om når Hjelmeland skulle komma til Os.

– Det har vel knapt nok vore ei veke dei siste tre åra kor ikkje det har vore nokon innom og spørt om når Bjarte Hjelmeland kjem til Oseana.

– Difor var det godt å kunne sleppe nyheita i førre veke.

– Er det aktuelt med ekstraframsyning?

– Du, det veit eg ikkje noko om. Det er arrangementssjef Berit Steen som har kontakten med han og ho er ikkje her i dag. Skal ein vera trygg på å få framsyninga med seg, er det berre å vera om seg, seier Hjelle.

Også Ole Paus og Jonas Fjeld har fått ein bra start på billettsalet på framsyninga «To rustne herrer» som dei kjem med til hausten.

– Eg reknar med at også den kjem til å bli fullbooka etterkvart. Førebels har vi seld 68 billetter, noko som er bra så kort tid etter at dei blei sleppt, avsluttar Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.