Kultur | 11. mars 2016

Bjarte, Jonas og Ole til Oseana

Bjarte Hjelmeland i lånte fjær. To rustne herrer i Jonas Fjeld og Ole Paus. Spreke gutter i Abcence Crew. Hausten på Oseana tek form.

Bjarte, Jonas og Ole til Oseana
Bjarte Hjelmeland, Ole Paus og Jonas Fjeld kjem alle til Oseana i haust (pressefoto)
Andris Hamrefredag 11. mars 2016 09:00

Sjølv om vårprogrammet berre er kome halvvegs, ligg arrangementssjef Berit Steen langt framme i løypa når det gjeld haustens program.

-Vi har jo ein lang horisont når det gjeld booking og planlegging, så haustens program er så godt som fullt. Det heile og fulle programmet blir presentert i midten av juni, men vi slepp nokre av kattane ut av sekken no, smiler Steen.

Suksessframsyning til Os

Og det er erfarne og drivne kattar Steen no stolt kan presentere.

-For det første så er vi veldig stolte over at Bjarte Hjelmeland omsider vitjar oss med si nye suksessframsyning «Bjarte Hjelmeland - I lånte fjær». Dette showet går for utselde hus i Bergen, og kjenner eg osingane rett, så blir nok Oseanasalen også fylt til randen denne kvelden!

Returnerar til Os

To karar som ikkje er nye for Oseanapublikummet, er Jonas Fjeld og Ole Paus. Desse har tidlegare vore her kvar for seg, men no kjem dei tilbake som den velkjende duoen To rustne herrer, og konserten som har fått namnet «To rustne herrer – hvis helsa holder».

- Fjeld og Paus kan i år feire 20-årsjubileum som duo, og legg difor ut på turné med både gamle og nye songar i bagasjen. Dei respektive konsertane dei har hatt her tidlegare har vore så godt som utselde. Publikumstilbakemeldingane på begge desse artistane var at det var noko av det beste dei hadde vore med på, så desse to saman veit vi kjem til å levere ei hit-rekkje utan sidestykke – viss helsa held, då! Her bør publikum vere om seg, rådar Steen.

Fredag kveld kan du sjå dei på Senkveld hos Thomas og Harald på TV2.

Spesialeffekter frå Hollywood til Os

Siste av kattane Steen slepp ut av sekken er gutane i Absence Crew. Dei dyktige dansarane vart kjende for det norske folk gjennom deltaking i Norske Talenter, og har sidan den gong turnert land og strand med sine eigenkomponerte danseshow.

-Absence-gutane har vore her i fleire høve, og no kjem dei tilbake i regi av Riksteatret med danseframsyninga «NORR – Da Gudene Breaket». Ei breakdanceframsyning om norrøn mytologi! Her blir det både halsbrekkande stunts og spesialeffekter henta rett frå Hollywood, lover Steen som allereie har lagt billettane til dei tre framsyningane ut for sal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.