Har under 50 båtplassar igjen
– Me ligg godt framfor 2019.
Stiftinga Tysnesfest har kome gjennom to pandemisomrar med arrangement i mindre skala.
I år kan dei sleppa seg laus igjen, og programmet er minst like omfattande som før.
– Korleis er responsen blant festivalgjengarane?
– Den er veldig god! Så langt ligg me godt framfor 2019, ikkje så langt frå rekordåret 2017, på fleire område, fortel dagleg leiar Øystein Vaage.
Fredag var bubilparkeringa sine 130 plassar fullbooka og laurdag var det under 50 ledige plassar i båthamna.
– Det er heilt hinsides! Båthamna plar ikkje vera fullteikna før tett på festivalstart.
Også salet av festivalpass har gått veldig bra.
– Me har under tusen festivalpass igjen når me no går inn i tida me normalt sel mest. Men ikkje få panikk, me har også dagspass å selja, og kapasiteten er god.
– Er det enkele artistslepp som har gitt eit større rykk i billettsalet enn andre?
– Ronan Keating er jo i særklasse, elles har alle slepp gitt ein boost, også no sist, då det blei kjent at Broiler har med seg fleire venar, blant anna den snart kinoaktuelle bergensrapparen Kamelen.
Vaage er også spent på vêret som kjem, og følgjer med frå time til time. Laurdag ettermiddag hadde meldingane lysna litt.
– Nett no ser det ut som om det blitt vått mens me riggar, men opphaldsvêr dei fleste konsertkveldane. Er me heldige blir det også sol på Såto torsdag på dagtid.
Konsertane på Gjerstad arena
Torsdag: Vepsestikk, Plumbo, Hagle, Halva Priset, Soppgirobygget, Staysman og Helene Olafsen.
Fredag: Goggen, Bjørn Eidsvåg, Chris Holsten, SKAAR, CC Cowboys, OnklP og De Fjerne Slektningene, BROILER wih friends; Kamelen, Sofiloud, Freddy Kalas, Amara X Abolade og Aiba
Laurdag: Jonas Lovv, Erlend Ropstad, Ronan Keating, Synne Vo, Return og Stage Dolls, Kjartan Lauritzen, TIX
Andre arenaer:
Tysnessåto: OnklP og De Fjerne Slektningene torsdag kl 13
Bermudateltet torsdag og fredag: Vinskvetten