Kultur | 05. apr. 2022

Skal spela på Såto i år

Nokre av dei har spelt på fjellet under Tysnesfest før.

Skal spela på Såto i år
OnklP (med caps) og De Fjerne Slektningene speler på Tysnesfest i år.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 05. apr. 2022 20:00

Torsdag 7. juli er det konsert på Tysnessåta (753 moh) igjen.

Årets band på Såto er OnklP & De Fjerne Slektningene.

Dei skal også spela på hovudareanen Gjerstad fredag 8. juli.

– Knut Oscar Nymo og Åsmund Lande har faktisk vore på Tysnessåto før, i 2014, då med bandet Oslo Ess som aller første «Såteartist» fortel dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage.

OnklP og slekta har brukt «coronadagane» godt, og har turnert både bak fengselsmurene og på klubbscener.

I tillegg har dei gjeve ut det kritikerroste albummet «Sorry for i går» i 2021.

Oslo Ess på Såto i 2014. (Foto: Camilla Korsnes)
Oslo Ess på Såto i 2014. (Foto: Camilla Korsnes)

Til no er følgande artistar lansert til Tysnesfest:

Torsdag: Plumbo, Hagle, Halva Priset, Soppgirobygget, Helene Olafsen, Staysman

Fredag: Bjørn Eidsvåg, Chris Holsten, CC Cowboys, OnklP og De Fjerne Slektningene

Laurdag: Erlend Ropstad, Ronan Keating, Synne Vo, Kjartan Lauritzen, TIX

Bermudateltet torsdag og fredag: Vinskvetten

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.