Fotball | 10. juli 2023

Har skåra to mål i tre kampar på rad

Alexander Dang sentral i nok ein Lysekloster-siger.

Har skåra to mål i tre kampar på rad
Alexander Dang har skåra 16 mål på 15 kampar, nokre av dei på straffe, som her mot Lillestrøm 2. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. juli 2023 09:45

Søndag spelte serieleiar Lysekloster borte mot Stabæk 2.

Toppskårar Alexander Dang sendte Lysekloster i leiinga ved å heada inn eit innlegg i 15. speleminutt.

14 minutt etterpå auka han til 2-0 på ein kald straffe.

Dang har skåra to mål i kvar av dei siste tre kampane, og er no oppe i 15 mål på 13 serieklampar. I tillegg kjem skåring i ein NM-kamp.

Henrik Ødemark auka til 3-0 før pause, og 3-0 sto seg kampen ut.

Lysekloster rundar av vårsesongen på heimebane mot Skjetten førstkomande søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.