Serieleiar held fram med sigersmarsjen
Hadde full kontroll på Skedsmo.
Serieleiar Lysekloster tok i dag imot Skedsmo på 8. plass til 12. serierunde.
Heimelaget vann komfortabelt 4-0.
Alexander Dang skåra dei to første, to mål i to kampar på rad, 3-0 kom ved Tobias Heltne Alme og 4-0 av innbytar Thorstein Hildal.
– Alle måla kom som resultat av fine angrep, 2-0 på corner som blei skapt i eit angrep, oppsummerer Ruben Hetlevik.
– Vi hadde full kontroll. Skedsmo hadde ikkje eitt skot på mål i løpet av kampen.
Lysekloster vann alle dei seks første seriekampane. Så tapte dei for Sandviken, som no ligg på 4. plass.
I dag tok dei sin femte siger på rad.
- Tabell og terminliste på fotball.no
– Korleis ser stallen ut før vårsesongens to siste?
– Veldig bra. Senai Hagos og Lloyd Fagerlie er ute med langtidsskade, men vi håper å ha dei i drift igjen etter sommaren. Resten er skadefri og fin.
Lysekloster speler borte mot Stabæk 2 og heime mot Skjetten i dei to neste kampane.