Fotball | 03. nov. 2023

Har signert ny trenaravtale

Hetlevik og Nordtveit er einige med Lysekloster.

Har signert ny trenaravtale
Øyvind Nordtveit og Ruben Hetlevik på veg til pause i ein av kampane i sommar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. nov. 2023 09:01

Mens spelarane har pause denne veka, etter serieavslutting søndag, har det vore papirarbeid på klubbhuset i Lysekloster Family Arena.

I går kunne idrettslaget melda at Ruben Hetlevik og Øyvind Nordtveit er signert for to sesongar til.

Hetlevik blei presentert som Lysekloster sin nye trenar i november 2016, Nordtveit som ny assisten i juni 2022.

Då opprykket vcar i boks, fem rundar før slutt, fortalde sportsleg leiar Svein Kollen at det skal startast fleire seniorlag.

– Teamet rundt både A- og B-laget vil bli forsterka med to personar, som blant anna skal ta seg av analyse, opplyser Lysekloster-leiinga på Facebook.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.