Har passert 100 påmeldte
Søndag skal noregscuputøvarar kjempa side om side med unge og vaksne mosjonistar i og rundt Ulvenvatnet igjen.
I helga var fem utøvarar frå Bergen del av folkefesten under verdscup i triatlon.
Stine Dale, Kristian Blummenfelt, Gustav Iden, Casper Stornes og Vetle Bergsvik Thorn kjempa i Bergen, alle dei fire i herreklassen har tidlegare deltatt i Os Triathlon.
Komande helg er det lågare terskel, men også noregscup i sprint-triatlon i og rundt Ulvenvatnet - for 14. gong.
– Vi er noregscup for andre år på rad. Os Triathlon er siste i serien, så samanlagtvinnarane blir avgjorte her, seier Nikolai Kalvenes frå Os Triathlon.
– Vi er veldig nøgde med at paraklassen, som var ny i fjor, fekk tre deltakarar. Dei same tre, og forhåpentligvis nokre fleire, stiller også i år, seier Kalvenes.
Til no er det rundt 115 påmeldte, arrangørane håper å passera 150 innan fristen seint torsdag kveld (ved midnatt).
– Normalt kjem det ein del påmeldingar på slutten, og med dei gode vêrmeldingane vi har no, kan det fort bli ganske mange.
Rekorden er rundt 250 deltakarar, i fjor stilte 182 til start.
– Etter suksessen i Bergen håper vi å få ein del til. Vi konkurrerer mot endå fleire arrangement enn då deltakarmengda var på topp, rundt 2014 og 2015, men dette er lågterskel og lett for barn og ungdom, og vaksne mosjonistar, å henga seg på.
Distansane
Sprint-distansen for vaksne er 750 meter svømming frå Sigurdsvika ut i Ulvenvatnet og tilbake, 20 km sykling og 5 km løping.
Sykling går til Nordstrøno, løping går også over Ulvensletta, men ikkje like langt vest.
Ungdomsklassen har super-sprint, altså halv distanse.
– Rundt 30 deltar i noregscup. Elles fordeler deltakarane seg ofte med rundt 50 på hovud-distansen, 30-40 ungdomar og 40-50 barn.
Det var ingen Os Triathlon i det første pandemiåret, 2020, men arrangementet blei gjennomført i fjor, rett nok med nokre restriksjonar og utan publikum.
Det er start i ulike klassar klokka 10.30, 12 og 14.