Blei (dessverre) inspirert av veslebror
– Eg prøvde å foreslå trening før triatlon, seier Trond Blomberg etter storebror Bjørn sin spontane debut.
Søndag gjekk årets Os Triathlon av stabelen. I alt var det 227 som fullførte, fordelt på klassane sprint (155 vaksne), supersprint (24 frå 13 til 16 år) og born (48 ungar frå 4 til 12 år).
For dei vaksne består løypa av 750 meter svømming i Ulvenvatnet, sykling til Lønnevågen i Nordstrøno og tilbake (20 km) og løping over Ulvensletta til Ådnadalen og retur (5 km).
«Vestlandets vakreste triatlon» er kompakt, men hard nok, anten du er i form eller ute av trening.
– Det er ikkje rett å skriva at det er debuten min, men det var første gong eg fullførte! Eg var med på triatlon i Sveits i 1999, men då sprang eg feil og blei diskvalifisert, fortel Bjørn Blomberg (48).
– No fann eg ut at eg måtte delta ein gong til før det var gått 20 år, ler Bjørn, som kom i mål på tida 2.21,13.
Det var godt nok til 123. plass av 125 startande (og 123 som fullførte).
– Prøvde å bremsa han
Bjørn innrømmer at han er inspirert av veslebror Trond Blomberg (45). Trond gjennomførte i august Norseman Xtream Triathlon med stil.
– Eg prøvde å seia at han ville få ei betre oppleving om han trente eit år først, og heller kom for å sjå på i dag. Men då hadde han allereie meldt seg på, seier Trond og rister smilande på hovudet over broren sin spontanitet.
Den besluttsame legen og kafédrivaren (Café Sanaa) kjøpte sykkel dagen før.
– Heldigvis hadde eg joggesko frå før, seier Bjørn, og peikar ned på nokre sko som nesten ser ut som basketballsko.
– I Sveits sprang han i mokkasiner, fortviler mamma Berit.
Heile famlien sto i målområdet og jubla då Bjørn kom hoppande over målstreken.
– Eg føler syklinga gjekk best, sjølv om eg brukte dei første 5 kilometerane til å læra meg med giren på sykkelen. Eg har berre elsykkel frå før, som eg bruker til og frå jobb. Det er i grunnen synd at dei ikkje har ein klasse for sånne syklar, seier Bjørn med eit smil.
Dei raskaste frå Os
Sjølv kom Trond Blomberg inn på tida 1.16,21 og 45. plass i herreklassen. Rett bak var ein annan tidlegare Norseman-deltakar, Eivind Hodneland på 1.16,45.
Den einaste frå Os som var raskare var Michal Krasjc på 34. plass (1.14,46). Vinnaren var Erik Nygaard Madsen frå Haugesund, som var einaste som kom i mål på under ein time (59.10,7).
Beste plassering til deltakarar med lokal tilknyting var Katinka Berg, som budde i Os tidlegare, og tidlegare har tatt to 1. plassar og ein 3. plass på heimebane. Katinka fekk 4. plass i kvinneklassen med tida 1.15,26.
– Eg har framgang og sesongen har vore god, men eg såg etterkvart at det ikkje blei plass på pallen i år, seier Katinka, som er treningsvenninne med fleire av dei som sto på pallen i både herre- og dameklassen.
– To gongar i år har eg vore heldig og fått vera med landslaget på europacup. Første gong gjekk det ikkje bra. Eg drakk for lite og besvimte i løypa. Men i Riga var det ei god oppleving!
Tok med seg litt av Ulvenvatnet
Debutant Arve Solskjær som tok triatlon som oppvarming til oldboyskamp. Han fullførte på 1.50,17.
Erik Vaktskjold deltok som senior før første gong, og kom i mål på sterke 1.22,45.
– Eg sleit med svømminga og svelte ein del vatn. Det gjorde at eg fekk sting på løpinga, fortel Vaktskjold.
Jakob på 2. plass i barneklassen
Ungdomane i supersprint blei delte i to klassar, 13-14 år og 15-16 år, ungane frå 4 til 12 år blei delte i tre klassar.
I barneklassen svømte dei eldste av ungane frå fjøra til flytebrygga før dei sykla over Ulvensletta og tilbake og avslutta med løping på grusløypene mellom Sigurdsvika og Ulvensletta.
Ungane har ikkje rangering, men kameratane Jakob og Jakob frå Os kom i mål blant dei beste, Jakob Austevoll Harlem på 2. plass og Jakob Nøss Solskjær på rundt 5. plass.
Jakob A. Harlem var òg først i mål på Osløpet i august.
Sjå komplett resultatliste på eqtiming.no