Har innført lokal forskrift om smittekarantene
Karantenereglane gjeld dei neste dagane også for dei under 18 år.
Bjørnafjorden kommune har innført ei lokal forskrift om smittekarantene for dei under 18 år.
Kommunen innfører karantene for barn under 18 år som er rekna som «øvrige nærkontaktar».
Den nasjonale forskrifta har ikkje slik karantene.
Forskrifta tredde i kraft i går, onsdag 15. desember klokka 18, og varer til tysdag 21. desember klokka 24.00.
Forskrifta blir innført fordi det er mykje smitte blant barn.
– Smittetrykket i kommunen stig kvar dag som går. Denne utviklinga må vi snu, og då er det viktig at alle nærkontaktar går i karantene, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Lokal forskrift om smittekarantene under 18 år
Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen Bjørnafjorden kommune 15. desember 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1
§ 1.Formål
Formålet med forskrifta er å avgrense spreiing av SARS-CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet og i nabokommunar, og slik sikre forsvarleg kapasitet i kommunale helse- og omsorgstenester.
§ 2.Virkeområde
Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Bjørnafjorden kommune.
§ 3.Forhold til anna lovverk
Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.
§ 4 Krav om smittekarantene for personar under 18 år
Unntak frå krav om smittekarantene for personar under 18 år etter covid-19-forskriften § 4i fjerde ledd bokstav c gjeld ikkje i Bjørnafjorden kommune. For dei under 18 år som ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nære, kan hurtigtest/sjølvtest erstatte PCR-test.
§ 5. Ansvar
Bjørnafjorden kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.
§ 6.Straff
Forsettleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.
§ 7. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft onsdag 15. desember 2021 kl. 18.00 og varer til tysdag 21. desember kl. 24.00.