Har ikkje bestemt seg
Kven som tek over for Marie Bruarøy (H) i varaordførar-stolen er framleis ikkje klart. Frp har ikkje bestemt seg.
30. desember hadde Marie Bruarøy sin førebels siste klipp som frisør, før ho på heiltid tok over ordførarkontoret etter Terje Søviknes (Frp) som følgje av at han blei utnemd til Olje- og energiminister 20. desember.
Reint formelt må Søviknes søkje permisjon frå vervet som ordførar, difor skal kommunestyret samlast i eit ekstraordinært møte 12. januar, kor permisjonssøknaden skal handsamast.
Blir automatisk ordførar
Ein skal då også velje ny varaordførar etter at Søviknes sin permisjonssøknad er innvilga. Marie Bruarøy blir som sittande varaordførar automatisk ordførar, som følgje av kommunelova §9.2; «Trer ordføreren eller fylkesordføreren midlertidig ut av sitt verv, rykker varaordføreren opp som ordfører eller fylkesordfører, og det velges midlertidig ny varaordfører.»
Det er berre i dei tilfella kor ordføraren trer permanent ut at kommunestyret skal velja ny ordførar i følgje kommunelova.
Ikkje bestemt seg
Kven som blir varaordførar er framleis ikkje avklart. Frp, som skal ha posten ifølgje samarbeidsavtalen dei har med høgre, har nemleg ikkje bestemt seg.
– Vi skal ha eit gruppemøte i forkant av kommunestyremøtet kor vi skal snakka om det og finna ut kva vi gjer, seier Gustav Bahus, leiar i Os Frp.
– Kva vil de legga til grunn når de skal peike ut den nye varaordføraren?
– Det vil ikkje eg spekulera i med deg. Vi kjem med vårt framlegg i kommunestyret.
Må sitta i formannskapet
Lista Frp si kommunestyregruppe har å velgje i er ikkje av den lengste. I følgje kommunelova §9.1 heiter det nemleg «Kommunestyret velger selv blant formannskapets medlemmer ordfører og varaordfører.»
Det tyder at det berre er tre aktuelle kandidatar frå partiet: Jonn Garvik, Laila Marie Reiertsen og Eirik André Hesthammer (som rykker opp på fast plass i formannskapet i Søviknes si permisjonstid).
Midtsiden har tidlegare spekulert i om Hesthamar blir den nye varaordføraren, basert på dei verva han har hatt i ulike politiske utval og ad-hoc-grupper dei siste åra.