– Han imponerte meg!
Tom Jordal tapte veddemål og gjekk opp Stoltzen med sofa på ryggen. Han gjennomførte med stil – noko som resulterer i 4005 kroner i gåve til avdeling for hjartesjuke born ved HUS.
Bohus-sjåfør og Brann-supportar Tom Jordal inngjekk veddemål med kollega og Viking-supportar Stig Havrevold - og tapte.
Les òg: Går Stoltzen med sofa på ryggen
Laurdag var det tid for å gjera opp for seg, Tom hadde nemleg sagt at han ville bera ein sofa opp Stoltzekleiven om Brann hamna under Viking på tabellen i 2012.
– Han kom seg opp på 54 minutt! Eg er imponert over at han gjennomførte, og på så god tid, seier logistikksjef Kjell Engelsen Moberg.
Glatt og trangt
Han og seks kollegaer gjekk turen saman med Tom, og i første del av løypa hadde dei problem med å følgja han som gjekk med sofa på ryggen.
– Det er bratt og det var sleipt. 30 kilo og eit sånt volum som det er på sofaen, når alle trappetrinna er ulike og det heng tre og buskar over løypa, er ikkje enkelt.
5 kroner per trinn
Før gjennomføringa var det snakk om å lodda ut sofaen. I staden kom Bohus-kameratane fram til at dei kunne gje den vekk til avdelinga for hjartesjuke born ved Haukeland Universitetssjukehus.
– I tillegg fekk vi 5 kroner per trinn frå Bohus for kvart trinn Tom tok, som vi kunne gje saman med sofaen.
– "Sofaen skal opp uansett", sa Tom då han høyrde om dette.
Sofaen og Tom kom seg opp, veka før sjølve motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp, og sofaen blei kjørt ned igjen før Bohus-gjengen reiste på blåtur.