Sport | 12. sep. 2013

Går Stoltzen – med sofa på ryggen!

Brann-supportar Tom Jordal gjekk inn med litt for høg innsats då han vedda med Bohus-kollega og Viking-supportar Stig Havrevold.

Går Stoltzen – med sofa på ryggen!
Stig Havrevold (t.v.) vann veddemålet, Tom Jordal må gå opp Stoltzen med ein sofa på ryggen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. sep. 2013 10:54

Fredag 27. og laurdag 28. september er det tid for det kjente motbakkeløpet Stolzekleiven Opp.

Helga før skal Bohus-sjåfør og Brann-supportar Tom Jordal gå opp Stoltzen, med ein sofa på ryggen!

Årsak? Eit veddemål, naturlegvis.

Svak Viking-vår

I bergensfirmaet Bohus er det naturlegvis fleire Brann-supportarar, men sjåfør Tom Jordal sin kollega Stig Havrevold, som styrer kjørekontoret, er Viking-supportar.

– Eg flytta til Vestlandet då eg var 15 år, men Viking er framleis laget, seier Stig.

Då Brann i fjor hadde ein betre start på sesongen enn Viking, som blant anna tapte for Haugesund, Lillestrøm og 5-1 for Tromsø på våren, blei Tom høg i hatten og kasta eit veddemål i bordet.

– "Viss Viking hamnar over Brann ved sesongslutt så skal eg gå Stoltzen med ein 2-setar på ryggen", sa han, fortel Stig og ler.

Sjølv måtte Stig ikkje inn med noko i potten.

Knallhard kollega

Havrevold kunne sitja risikofritt og nyta den sterke haustsesongen til Viking.

– Alt snudde då Hareide i juni fekk sparken som Viking-trenar.

Brann tapte sesongens fire siste kampar, Viking vann fire av dei fem siste. Det resulterte i at Viking hamna på 5. plass med 49 poeng, Brann på plassen bak med 42 poeng.

Vinter og is har fått det til å drøya med turen, men no skal den gjennomførast.

– Eg hadde aldri deltatt på Stoltzen før veddemålet og har prøvd å sleppa unna gjelda mi eller gjera opp for meg på ein annan måte.

– Men Stig let seg ikkje kjøpa, fortviler Tom, som no har lagt seg i trening til den tunge, bratte turen.

Over 700 trappetrinn

Etter 4-5 treningsturar opp Stoltzen er Jordal no klar for å gjera opp gjelda si. Laurdag 21. september er dagen, same dag som Bohus skal ha blåtur og helga før sjølve motbakkeløpet blir arrangert.

– "Aldri meir" sa eg etter den første turen, som gjekk unna på rundt 23 minutt. No er eg nede i 16:23. Men det er utan sofa. Eg håper å koma meg opp på under 30 minutt med sofaen.

Stoltzen har ei høgdeforskjell på 315,5 meter og består av nærmare 800 trappetrinn.

Stig seier at han naturlegvis vil vera vitne til turen, men han har ikkje plan om å gå opp.

– Nei, det går jo an å kjøra nesten til toppen, så eg tenkte eg skulle sitja på toppen og ta imot han, ler han.

– Tom løftar på sofaer heile dagen når han er på jobb, så dette bør gå bra.

Spesialbestilt sofa

Til turen har Bohus bestilt ein ny sofa frå Dominar-fabrikken i Litauen.

– Den er litt modifisert så ikkje Tom skal få for tung bør, og veg 30 kilo, seier Stig.

Sofaen skal kanskje loddast ut etter turen opp Stoltzen.

– Uansett skal den ikkje berast ned igjen av meg, forsikrar Tom. – Vi får sjå om vi får til å henta den med bil nærmare toppen.

Turen går same dag som Brann tar imot Strømsgodset på Stadion.

– Eg skal lufta dette på fotballpuben i by'n, kanskje vi får nokre supportarar til å støtta Tom, seier Stig.

PS! I skrivande stund, for årets sesong, er Viking på 4. plass og Brann på 6. plass på tabellen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.