Halhjem Kafé har blitt Halhjem Kjøkken
Etter seks intense veker med oppussing er det søndag 17. mai klart for opningsfest hos dei nye drivarane på Halhjem, Betty og David.
I mars runda Karla Larsen av drifta av den tradisjonsrike familiedrivne kafeen på Halhjem, same månad starta nye leigetakarar med oppussing for vidare drift.
Les òg: Innreier ny kafé på Halhjem
Sambuarparet Betty Wilhelmsen frå Bergen og David Orahim frå Sverige har hatt ein travel periode fram til det no er klart for opning.
– Karla hadde frå før tatt imot reservasjon på to konfirmasjonar, så vi hadde 3. mai å strekka oss etter.
– Vi blei ikkje ferdige, men klarte å rydda plass så desse kunne haldast her, fortel Betty.
Nye veggar og nye møblar
Då Midtsiden var innom på fredag var det framleis litt ryddearbeid igjen.
– Vi er ganske klare, no blir det støvtørk, vask, rydding og å få dei siste varene på plass.
Kafeen framstår som ny i begge etasjar, med ny panel på veggane og nye møblar.
I kjellaren har lokalet fått seg eit større løft med nytt golv, utvida bar med front i stein.
– Ved baren har vi også fått på plass ei ny ytterdør så gjestane kan gå direkte frå selskapslokalet og ut på terrassen og nyta utsikta.
No ser Betty og David fram til opningsfest på 17. mai, og til å servera rømmegraut til dei første gjestane søndag ettermiddag, når arrangementet i Os sentrum er ferdig.