Innreier ny kafé på Halhjem
Han har drive restaurantar i Sverige og Noreg sidan 1987. Etter eit romantisk møte i Vennesund i fjor gjekk turen til Os og Halhjem for David og Betty.
Søndag 15. mars blei siste opningsdag for Karla Larsen på den 49 år gamle familieverksemda Halhjem Kafé.
– Det blei ein vemodig, men fin dag, med fullt hus og mange som kom med blomar og fine kommentarar. Vi hadde lagt ut eit gjestebok der fleire skreiv inn hyggelege helsingar, fortel Karla.
No har nye krefter overtatt og starta med oppussing. Dei har press på seg for å rekka å opna til konfirmasjonar og feiring av rundt dag som Karla allereie hadde booka inn frå 3. mai.
David frå Sverige og Betty frå Hamre
Det er sambuarparet Betty Wilhelmsen frå Bergen og David Orahim frå Sverige som no har teikna leigekontrakt på 1 pluss 9 år.
David har lang fartstid som kokk og restaurantdrivar, Betty har vakse opp på Hamre ved Kalandseid og har gode barndomsminne frå faste søndagsturar til Halhjem Kafé.
– Eg hugsar ein gong vi kom opp her og kafeen var stengt, sesongen var over. Det var som om alt raste saman for oss, seier Betty og ler.
No er faren hennar veldig nøgd med at ho skal halda liv i serveringstilbodet på Halhjem etter at Karla har pensjonert seg.
Møttest på kafé i Nordland
David og Betty møtte kvarandre i Nordland, ved eit slumpetreff.
– Eg har drive for meg sjølv som kokk sidan 1987, ulike kafear og restaurantar i Sverige og Noreg. I fjor sommar, då eg dreiv ein restaurant i Vennesund, kom Betty innom. «Sjå der, det er ei sånn kvinne ein skal ha» sa eg til sonen min, som jobba som bartendar ved restauranten.
Betty var i Vennesund saman med slektningar ei veke, og den siste dagen før ho skulle heim tok David mot til seg og gav ho telefonnummeret sitt.
– I utgangspunktet var eg skeptisk til å ta kontakt med ein eg ikkje kjenner. Men tanta mi likte David nesten like godt som meg, og pusha meg til å gje frå meg nummeret mitt til bartendaren, som eg ikkje visste var sonen hans før han sa det sjølv, fortel Betty.
Fekk tips av svigerson
Det gjekk berre to dagar før Betty var tilbake i Vennesund. Dei to blei eit par. Så følgte månadar med reising mellom Nordland og Bergen.
– Det var i jula at vi blei tipsa om at Karla vurderte å gje seg på Halhjem Kafé, fortel Wilhelmsen.
Dottera bur på Os og svigersonen er osingen Anders Arefjord.
– Dei ringte eit venepar som er i familie med Karla, og så fekk vi kontakt og dialog om å leiga lokalet for vidare drift.
Får nytt namn og utvida opningstider
Halhjem Kafé, som starta i eine etasjen heime hos Karla sine foreldre på motsett side av vegen, var dei første åra open kvar dag.
Dei siste 20-30-åra har kafeen vore open berre om søndagane, med utleige til selskap andre kveldar.
Betty og David vil ha drift sju dagar i veka.
– Vi skal vera open frå formiddag til kveld, med lunsj, middag, overtidsmat og noko raskt og godt for dei som er på veg til eller frå ferjene, seier David.
– Derfor vil vi auka kapasiteten på kjøkkenet, som vi bygger om. I same slenger pusser vi opp både restaurantlokalet og festlokalet i kjellaren. Der vil vi både kunna ta inn selskap mens vi har vanleg drift, og kjøra livemusikk enkelte helger.
– Men det viktigaste er maten. Vi vil halda på mest mogleg av det Karla har vore god på, er vi heldig får vi nokre av oppskriftene hennar med i leigeavtalen. Det blir heimelaga norsk og svensk mat av friske råvarer, frå kjøttkaker til indrefilet og fisk, seier den erfarne kokken.
Litt av namnet held dei også på, frå opninga i mai skal restauranten heita Halhjem Kjøkken.
– Vi er også i dialog med planavdelinga i kommunen om den komande oppgraderinga av krysset ved kafeen. I samband med at det kan koma daglegvarebutikk på motsett side av E39 kan vi få ei betre kryssløysing begge vegar, også inn til oss, seier David.
Hyttene ved kafeen, som Karla eig saman med slektningar, skal ikkje drivast vidare, men seljast.