Hadde kjøpt bil på auksjon - blei stoppa med to ulike, ugyldige skilt
Uheldig eigar hadde kjøpt bilen på auksjon.
Laurdag i 13.30-tida kontrollerte politiet ein bil på parkeringsplassen til AMFI Os.
– Bilen hadde to ulike kjenneteikn, begge var ugyldige, fortel politibetjent Morten Haugland.
Dei fekk kontakt med eigar, som kunne visa dokumentasjon på nyleg kjøp og på EU-godkjenning.
– Han hadde nyleg kjøpt bilen på auksjon. Der har seljar tydelegvis ikkje hatt konsentrasjonen på topp då han skrudde på skilta, og eigar har gløymd å sjekka at alt stemmer.
– Det går an å forstå at det er travelt på ein auksjon, med mange bilar og skilt i omlaup, men samtidig ikkje greit å enda opp med å køyra rundt med ugyldige skilt.
Bilen blei avskilta og politiet følgjer opp med forhandlar.