Politi | 11. apr. 2021
MC-velt ved lensmannskontoret
MC-førar kom seg på hjul igjen.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. apr. 2021 09:45
Litt før klokka 01 natt til søndag rykte politiet ut til ein lett motorsykkel som hadde velta på Moberg, nær eller i rundkøyringa ved sidan av lensmannskontoret.
– Førar var uskadd og det heile framsto som eit uhell. Det var tørr og fin asfalt på ettermiddagen i går, men kanskje litt glatt i natt, seier politibetjent Morten Haugland.
Motorsykkelen skal ho vore køyrbar etter uhellet, så førar kom seg vidare. Politiet har ikkje oppretta sak.