Gult farenivå for skog- og grasbrann
– Ver varsam med bruk av open eld.
Etter ei veke utan nedbør har Meteorologisk institutt i dag gått ut med gult farevarsel for skog- og grasbrann.
Varselet gjeld i alle snøfrie område i Det østafjeldske og på Vestlandet sør for Stadt fram til det kjem «nedbør av betydning».
Det er berre seks dagar sidan årets bålforbod tredde i kraft.
For Os sin del kan det bli ei stund til.
Det er meldt opphaldsvêr så langt varselet strekk seg, til og med fredag 29. april.
Det er venta 13-18 gradar både i dag og fredag. Fredag er det venta skyfri himmel.
Det er venta noko lågare temperatur frå måndag av, ned til rundt 19 gradar, men vi får sol, opphaldsvêr og svak vind gjennom heile helga og utover i neste veke.
- Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på VG Pent (Yr og Storm side om side)