Tett med grasbrannar i nabokommunane
– Marginane er små, det er fort gjort å mista kontrollen over bål og bråtebrenning.
I går var det gras- og lyngbrann åtte stadar på fem timar, blant anna i Austevoll, på Stord og i Fana.
Fleire stadar måtte bustadar evakuerast.
– Vi var ikkje over i andre kommunar for å hjelpa denne gong, men var klare for at det kunne koma telefon både frå nabokommune og eigen kommune, seier brannsjef i Bjørnafjorden, Eivind Hovden.
– No har vi litt anna jordsmonn og vegetasjon her, enn i nokre av desse kommunane som går igjen når det kjem til skogbrannfare, men det byrjar å bli veldig tørt her òg, så folk bør tenkja seg godt om før dei tenner bål eller startar med bråtebrenning, åtvarar han.
Oppdatert: I skrivande stund kom det melding om brann i terreng i Gjerdevegen på Fusa-sida av fjorden. Den skal raskt ha kome under kontroll.
Endra vindstyrke kan skapa problem
I dag er det éin månad til bålforbodet i Bjørnafjorden trer i kraft.
– Vi ser at 15. april er noko seint, men bålbrennar sit uansett årstid med ansvaret.
– Det er også berre hageavfall som er lov å brenna, byggematerialar, for eksempel, skal ikkje på bålet.
Hovden ser også at enkelte som har førebudd seg godt, lett kan mista kontrollen.
– Dei gongane vi har hatt krevjande brannar i terreng, har det gjerne kome etter auke i vindstyrke. Bråtebrennar har gjerne førebudd seg godt med både sløkkevatn og mange nok folk, men så kjem det ein ettermiddagsbris, og då bli marginane små.
Nokre råd:
- Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale.
- Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg
- Ein ansvarleg vaksen må vera til stades
- Det er ikkje lov å brenna søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar.
Kommunen og brannvesenet har laga sin eigen rettleiar for bålbrenning. På kommunen si heimeside finn du meir informasjon.