Kultur | 23. aug. 2013

Gratis i Griegsamlinga

Kuttar inngangsbilletten til Griegsamlinga. – Vi ønskjer at fleire skal få oppleva den fantastiske utstillinga, seier Ole Tobias Lindeberg.

Gratis i Griegsamlinga
I Griegsamlinga finn du bileter av mellomanna Munch, Erichsen og Krohn (foto: Oseana)
Andris Hamrefredag 23. aug. 2013 09:54

I samarbeid med Grieg Foundation har Oseana Kunst & Kultursenter no gjort Griegsamlingen meir tilgjengeleg for publikum. Måndag kutta dei ut å ta billettar for å koma inn i samlinga.

– Vi vil senka terskelen for publikum, slik at fleire får mulighet til å oppleve den fantastiske utstillingen, seier direktør i Oseana, Ole Tobias Lindeberg.

Fristar med bok

Griegsamlingen består av kunst, hovudsakeleg billedkunst, som er eigd av Per Grieg sr., Grieg Foundation, og andre innan Grieg Group-sfæren.

– Som om det ikkje er nok at vi kuttar billettane vli dei første hundre som vitjar samlinga få ei bok om den komplette samlinga til Per Grieg sr, fortel Lindeberg.

Ny utstilling

Per Grieg sr har ei så omfattande samling at alle bileta får ikkje plass i samlinga på ein gong. I april skifta han difor ut dei fleste av bileta som hadde hengt der frå opninga i 2011.

– Det er jo einkvar samlar sin draum å kunne visa fram bileta sine på denne måten, fortalde Per Grieg sr til Midtsiden i samband med skiftet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.