Kultur | 23. apr. 2013

– Einkvar samlar sin draum

Bileta i Griegsamlinga på Oseana blir bytta. – Å få lov å visa bileta sine i eit så flott lokale er einkvar samlar sin draum, seier Per Grieg sr.

– Einkvar samlar sin draum
Per Grieg sr med eit av dei meir moderne bileta som blir å finna i Griegsamlinga frå sundag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 23. apr. 2013 10:16

Per Grieg sr er å betrakta som mannen bak Oseana kunst- og kultursenter etter at han og Grieg Foundation i 2008 gav ei gåve på 50 millionar kroner til Os kommune for å byggja kunst- og kultursenteret.

Ein del av senteret skulle omfatta delar av Per Grieg sr si omfattande kunstsamling og opna sommaren 2011 med omlag halvparten av kunstsamlaren sine bilete. Den andre halvparten er utstilt i Grieg sine kontorlokaler i Bergen, som òg blei planlagt for kunst då det blei bygd i 1990.

– Då vi rigga samlinga sist hadde vi fokus på at kvar vegg skulle vera ei fin oppleving i seg sjølv.

– Det blei det, men samstundes gjorde det jobben litt vanskeleg for dei som skulle guide gjestar rundt i samlinga, fordi bileter av same kunstnar kunne vera spreidd på forskjellege veggar.

– No når vi skal visa fram den andre halvparten av samlinga, vel vi i staden å samla bileta meir tematisk, fortel Per Grieg sr medan han vitjar Oseana for å sjå til at alt kjem der han har tenkt.

Den nye utstillinga opnar sundag 28. april.

Kvinner, Munch, Erichsen og Krohn

Ein entusiastisk samlar fortel korleis han ser for seg utstillinga skal bli medan han viser Midtsiden rundt.

– Her kjem ein vegg med berre kvinnlege kunstnarar som Harriet Backer, Frida Rusti og Julie Krohn.

– Eg tykkjer det kan vera ein fin måte å markera at det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg med å samla kvinnene på ein eigen vegg.

– Han her er ein av våre aller fremste koloristar, fortel Grieg sr og siktar til bileta av Thorvald Erichsen (1868-1939).

– Visste du at han malte omlag 100 bileter ut av det sama vidauget frå pensjonatet han budde på på Lillehammer.

– Det viktigste er å ha ein god plass å stå meinte Thorvald Erichsen, forklarar den kunstinteresserte samlaren.

Meir kjend i Russland enn Noreg

Ein anna av kunstnarane Per Grieg sr talar varmt om er Bergensfødde Xan Krohn (1882-1959).

– Han er ein av dei mest spennande vestlandsmalarane vi har.

– Krohn gjorde som mange andre kunstnarar og reiste til kontinentet for å studera og mala, før han endte opp i Moskva kor han traff og gifta seg med Julie de Holmberg, ei russisk kvinne av adel-slekt.

– Han er truleg meir kjend i Russland enn i Noreg og er blitt ein av dei mest verdifulle "russiske" kunstnarane.

Etter den russiske revolusjonen i 1917 flytta Krohn med familien til Oslo kor dei levde fram til han døydde i 1959.

– Folk veit ikkje kva skatt som ligg her

Per Grieg sr er særs nøgd med korleis kunstgalleriet har blitt etter at det sto ferdig i 2011.

– Som rom er det eit eventyr og for ein samlar er det å få visa bileta sine i eit så flott rom, og på ein så flott plass, heilt utruleg.

– Samstundes så må vi opp i besøkstal.

– Folk veit ikkje kva skatt som ligg her, og må bli flinkare til å utnytta det her i Os.

– Eg håpar fleire i næringslivet får opp auga for det og nyttar lokala til å invitere kundar og tilsette på middag eller foredrag i kombinasjon med eit besøk i utstillinga, avsluttar Per Grieg sr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.