Lokal | 23. mai 2013

–Godt samarbeid er viktig!

Oddbjørn Dyrdal tar frå neste veke over ansvaret på lensmannskontoret. – No handlar det om å vera lydhøyr og suga til seg mest mogleg av Rasmus si lange erfaring.

–Godt samarbeid er viktig!
Avtroppande lensmann Rasmus Dalen og påtroppande lensmann Oddbjørn Dyrdal (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. mai 2013 12:54

Lensmann i Os gjennom vel 14 år, Rasmus Dalen, går i neste veke over i pensjonistane sine rekkjer. Den nye lensmannen Oddbjørn Dyrdal har allereie vore på plass i Irisgården i to veker.

– Første dagen på kontoret var 8. mai.

– I den snaue månaden eg har overlapping med Rasmus handlar det mykje om å vera lydhøyr og suga til seg mest mogleg av han si lange erfaring og fartstid, fortel Dyrdal.

Likt, men ulikt

Oddbjørn Dyrdal blei tilsett som ny lensmann på Os i byrjinga på mars og kjem frå lensmannsstillinga i Malvik. Eit kontor med 13 tilsette og to studentar, og 13.000 innbyggjarar å passa på.

– Det var omtrent som då eg starta her det, smiler avtroppande lensmann Rasmus Dalen.

– Her blir vi 20 tilsette, pluss to studentar og har ein kommune med vel 18.000 innbyggjarar, så nokre forskjellar er det også på oppgåvene.

– Sjølv om det er sama jobben som eg kjem frå, så er det mykje som er ulikt og oppgåver som løysast for forskjellig vis i dei to distrikta.

Godt miljø

Dyrdal skryt av den jobben Dalen har gjort og seier han tar over eit velfungerande lensmannskontor.

– Med den gode tonen, moralen og miljøet eg opplever at det er her på kontoret så kjem dette til å gå heilt fint, trur den blide trønderen.

– Samstundes trur eg det er sunt at det kjem inn nye auge, som kan sjå på tinga frå ein ny vinkel, skyt Dalen inn.

Tverrfagleg fokus

Enno har ikkje Dyrdal rekt å gjera seg kjent med bygda i særleg grad.

– Det er sjølvsagt noko eg vil gjera.

– For meg er det viktig å få til eit godt samarbeid med kommunen, den politiske leiinga, frivillige og ikkje minst osingane.

– Vi har begrensa med ressursar, så det er viktig å jobba tverrfagleg og bruka dei ressursane som finst i bygda.

– Vi jobbar jo med dei same utfordringane og for det same målet, nemleg eit trygt og godt Os, slår den nye lensmannen fast.

Dalen er skjønt einig i fokuset Dyrdal har.

– Det er som eg skulle sagt det sjølv.

– Samarbeid er ein nøkkel.

– Folk må passa på seg sjølv, eigne verdiar og sjå til naboen, avsluttar Rasmus Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.