Gleda er å gleda andre
Bildeserie: Tove Tvedt Skarstein ser på det å arrangera moteshow for å hjelpa andre som krydderet i kvardagen.
Onsdag 20.mars var det på ny moteshow i regi av Tove Tvedt Skarstein.
Showet vart halde i Tunet, og til inntekt for Bring Children From Street, ei stifting som jobbar for born i Uganda.
I fjor haust gjekk inntektene til Rosa Sløyfe-aksjonen. Den gongen var det ikkje berre moteshow - Os sentrum vart prega av rosa BH-ar i ei heil veke.
Alltid gøy når det skjer noko
Tove omtalar seg sjølv som ein sirkusmenneske med omsyn for andre;
– Eg elskar å vera i «manesjen», og i sentrum av det som skjer. Men det viktigaste for meg er at det skjer noko.
Tove understrekar at sjølvsagt har ho ein butikk å driva, men når ho får kombinera butikkdrift og det å gleda andre - ja, då er ho i sitt ess.
Samspel mellom menneske
Tove slit med å svara på kor mange moteshow, arrangement og konsertar ho teke del i, men talet 20 kjem opp som eit mogleg svar.
- Du må hugsa at eg dreiv med liv på Øyro lenge før det vart eit varemerke, så ja, eg får glede av å arrangera ting.
– Det å gjera ting saman, slik vi butikkar gjer med moteshowa, handlar meir enn berre om sal - alle er med å gjera Os sentrum meir attraktivt.
Tove fortel vidare om førstegongs-modellar som har vore passeleg nervøse før dei skal på scenen - og så kjem dei attende og ber om å få vera med neste gong fordi dei tykte det var så gøy.
15.000 + 5.000 denne gongen
Under moteshowet førre veke samla Tove og dei gode hjelparane hennar inn 15.000 kroner til Bring Children From Street-stiftinga.
I tillegg gav Sparebanken Vest 5.000 kroner som er øyremerkt til skulepultar i prosjektet.