Lokal | 22. okt. 2018

Rosa veke er i gang

Ta ein titt på BH-stuntet på Osøyro.

Rosa veke er i gang
Innsamla BH-ar heng i lange lenker i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. okt. 2018 09:05

Bildeserie:

Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
Rosa veke og rosa tysdag i Os sentrum. (Foto: KVB)
1 av 4

Måndag morgon var det eit Os sentrum pynta med rosa som møtte folk på veg til skule, jobb og handel.

Dekoren består av ei lang lenke med rosa BH-ar. Os Sentrumsforening, Os kommune og kreftkoordinatør Sigbjørg Eriksson har samarbeidd om å samla inn BH-ane, som eit stunt i si støtte til Rosa Sløyfe-aksjonen.

– Responsen har vore veldig god, og vi har hatt det gøy både med å samla inn, farga lyse BH-ar rosa og i går, då vi i regn og vind hang desse opp, seier Sigbjørg Eriksson.

– Tilbakemeldingane har vore hyggelege, men sjølv om dette er eit litt morosamt stunt, vil vi behandla BH-ane med respekt. Det kom seks nye BH-ar som blei leverte i dag, og vi har yttarlegare nokre liggande, som kan oma som dekor rundtom i butikkane. Vi kjem heller ikkje til å kasta dei når dette er over, dei kan brukast som dekor seinare år, om dette blir tradisjon.

Moteshow, utstilling og kveldsope

Veke 43 er rosa veke i Os sentrum, og i morgon er det «Rosa Tysdag».

På Rosa Tysdag vil Brystkreftforeningen ha stand på Torget, butikkane lager moteshow der modellane er direkte eller indirekte ramma av brystkreft, Treffpunkt har utstilling av maleri, og det blir musikk ved Ada Keita og Olav Skorpen.

Rosa Tysdag blir avslutta med kveldsopne butikkar og foredrag i Kløvertun.

– Målet med Rosa Sløyfe-aksjonen er å visa solidaritet, og å spreia informasjon. No gler vi oss veldig til i morgon, seier Sigbjørg.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.