Kultur | 13. des. 2013

Gina nominert til Spellemann!

Osingen Gina Aspenes (37) si debutplate, Inertia, blei i dag nominert til Spellemannsprisen.

Gina nominert til Spellemann!
Gina Aspenes i ORBO sitt Studio Hordaland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. des. 2013 13:03

Dei nominerte til Spellemannsprisen 2013 blei i dag offentleggjort under ein pressekonferanse på Popsenteret i Oslo.

Blant dei nominerte er osingen Gina Aspenes, som i haust solo-debuterte med albumet Inertia.

Les òg: Sweet av Gina (med video)

– Eg blei overraska og veldig glad! seier Gina om meldinga ho fekk per telefon frå plateselskapet.

– Kvifor ikkje?

Samtidig er ho stolt av plata si og komfortabel med nominasjonen.

– Kvifor skal ikkje eg vinna spellemannsprisen, albumet er jo steinbra, seier ho med glimt i auget, før ho raskt legg til:

– Eg er sjølvsagt takksam og audmjuk for at spellemann-juryen synest like mykje om plata mi som eg sjølv gjer.

Inertia er nominert i klassen beste blues-album 2013.

– At de blei akkurat blues-kategorien overraska meg også litt, men det er heilt greit, seier Gina.

Dei andre nominerte i kategorien er Bjørn Berge og Knurt Reiertsrud.

"Overlegen kvalitet"

Etter den stappfulle sleppefesten på Madam Felle 19. oktober har det vore lite livemusikk frå platedebutanten.

– Nils Magne Kristiansen hjelper meg med booking, men vi konsentrerer oss mest om 2014 og har fått ein del gode tilbakemeldingar frå arrangørar.

Gode tilbakemeldingar har det også vore frå musikkanmeldarar, både Bergensavisen og Bluesnews gjev terningkast 4 og mange flotte kommentarar om Inertia.

Spennende musikalsk gumbo. Sangeren Gina Aspenes fra Os står godt på egne bein, skriv BA.no.

Norge har noen sangere der det synes som gudene var i det gode lune når rikelige deler med musikalsk sans og sjel ble delt ut i bøtter (...) nå ramler det inn en ny stemme med den samme overlegne kvalitet det bare er å se opp for fra start, skriv Bluesnes.no.

Stolt produsent

Inertia består av både coverlåtar og eigeprodusert materiale.

Mannen som inspirerte og insisterte på at Gina burde gå i studio, som sjølv har hatt stemma hennar med på eigen plate, er Ole Reinert Berg-Olsen. Han er også produsent.

– Det var på høg tid at Gina gav ut soloplate. Det er ikkje mange i Noreg som har ei stemme som Gina og det er veldig kjekt at Inertia blir lagt merke til på denne måten, seier han.

ORBO vann, med bandet sitt The Longshots, Spellemannsprisen for High Roller i 2009 (for 2008).

I tillegg var han låtskrivar på ei av låtene til Noora Noor, Soul Deep, som vann Spellemannsprisen året etter.

Utdeling i januar

Spellemann går av stabelen i Stavanger konserthus 18. januar, og blir sendt direkte på NRK1. Spellemanns førstedame, Anne Lindmo, er programleiar, ifølgje spellemann.no.

Det er allereie klart at Ask Embla, CLMD, Envy, Highasakite, Kvelertak og Morten Harket skal opptre under Spellemannshowet.

Her er alle dei noninerte artistane for Spellemann 2013:

BARNEMUSIKK
Diverse artister "Karsen og Petra - Sangene fra filmene pg TV-serien"
Onkel Tuka "Musikongen Blues"
Tullkattesnutene "Vi vil ut på byen"

BLUES
Bjørn Berge "Mad Fingers Ball"
Gina Aspenes "intertia"
Knut Reiersrud "Aftonblues"

COUNTRY
Bendik Brænne "How To Fake It In America"
Bøygard "Blågras På Skrindo"
Jonas Fjeld & Chatham County Line "Western Harmonies"

DANSEBAND
Hanne Mette "Minner"
Ole Ivars "50 år"
Rune Rudberg Band "Tro"

ELEKTRONIKA/DANCEMUSIKK
Proviant Audio "Drift Days and Disco Noights"
Ralph Meyers Band "Super sonic pulse"
Rune Lindbæk "Krasava"

FOLKEMUSIKK/TRADISJONSMUSIKK
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga "Heimafrå"
Mari Boine "Gilvve gollát - sow your gold"
Rydvall/Mjelva "Isbrytaren"
Sudan Dudan "Inntil i dag"

INDIE
Atlanter "Vidde"
Hvitmalt Gjerde "Hvitmalt Gjerde"
Young Dreams "Between Places"

JAZZ
Arve Henriksen "Places Of Worship"
Atomic "There´s a hole in the mountain"
Eyolf Dale "Hometown Interludes"
Karin Krog og John Surman "Songs about This and That"
Urban Connection "Live!"

KLASSISK
Bjarte Eike/Barokksolistene "The Image of Melancholy"
Christian Ihle Hadland/Oslo Philharmonic Orchestra/Arvid Engegård "Mozart Piano Concertos nos. 21 and 22"
Martianne Thorsen/Bergen Philharmonic Orchestra/Neeme Järvi "Svendsen - Orchestral Works vol. 3"
Oslo Strykekvartett "The Schubert Connection"

KOMPONIST
Jenny Hval "Innocence in Kinky"
Kringkastningsorkesteret/Magnus Loddgard/Thomas Kjekstad/Sverre Riise/Marius Hesby/Thomas Rimul "Fierce Kentucky Mothers of Doom
Moddi "Kæm va du?"
Moddi "Set The House On Fire"
Oslo Filharmoniske Orkester/Rolf Gupta/Gjermund Larsen "Lars Petter Hagen"

METAL
Kvelertak "Meir"
Obliteration "Black Death Horizon"
Satyricon "Satyricon"
Shining "One One One"

POPGRUPPE
Alfred Hall "Wilderness"
Razika "På vei hjem"
Real Ones "Toight only tonight/The morning after"
The Low Frequency in Stereo "pop Obskura"

POPSOLIST
Hanne Kolstø "Stillness and Panic"
Ingrid Olava "Summer House"
Maria Mena "Weapon In Mind"
Moddi "Set the House on Fire"
Monica Heldal "Boy From the North"

ROCK
BigBang "The Oslo Bowl"
Hedvig Mollestad trio "All of them witches"
King Midas "Rosso"
Motorpshycho "Still Life With Eggplant"

SAMTID
Christian Wallumrød Ensemble "Outstairs"
Oslo Filharmoniske Orkester/Rolf Gupta/Gjermund Larsen "Lars Petter Hagen"

SPUNK "Das Wohltemperierte Spunk"

TEKSTFORFATTER
Erlend Ropstad "Hva om det ikke er sånn som du tror at det er "
Frida Ånnevik "Ville Ord"
Lars Vaular "1001 Hjem"
Ole Paus "Avslutningen"
Stein Torleif Bjella "Heim for å døy"

URBAN
Don Martin "En gang Romsåsgutt alltid Romsåsgutt"
Jaa9&OnklP "Diskoteket er stengt"
Lars Vaular "1001 Hjem"

VISER
Erlend Ropstad "Hva om det ikke er sånn som du tror at det er"
Frida Ånnevik "Ville Ord"
Hekla Stålstrenga "Dyrandé"
Moddi "Kæm va du?
Stein Torleif Bjella "Heim For å Døy"

ÅPEN KLASSE
Stein Urheim og mari Kvien Brunvoll "Daydream Twin"
Susanna and Ensemble Neon "The Forester"
The Source "The Source:Of Summer"

ÅRETS HIT
Broiler "Vannski"
Envy "Am I Wrong"
Røyksopp feat. Susanne Sundfør " Running To The Sea"
Truls "Out Of Yourself"
Ylvis "The Fox"

ÅRETS NYKOMMER & GRAMOSTIPEND
Broiler "The Beginning"
Hvitmalt Gjerde "Hvitmalt Gjerde"
Kaveh "Hjertet kommer først"
Mikael Paskalev "What´s Life Without Losers"
Monica Heldal "Boy From The North"

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.