Ginas første på heimebane
I september var debutalbumet klart, i oktober var det sleppefest og i kveld syng Gina Aspenes i Os for første gong etter at Inertia blei gjeve ut.
Du har kanskje høyrd ho i kyrkja, i bryllaup eller gravferd, eller på scenen under Osøren Blues & Jazzfestival, med bandet Nobody's Business?
Eller i Oseana eller Fjellheim med Os Musikkforening eller Os og Kuventræ Skulekorps, eller med ORBO?
Gina Aspenes har lånt seg vekk til mange prosjekt, men først no har 37-åringen med den kraftfulle stemma gått i studio for å spela inn eige album.
– Eg har faktisk gjeve ut ein kassett ein gong, med ungdomsbandet Maintaining Blue, minnest Gina og ler.
For det var der det starta, med litt skryt av Join Us-dirigent og venninne Isabel Solvang, som drog den gong 13 år gamle Gina til side og spurde om ho ville synga solo.
Og seinare, med venane Arne Lutro, Jacob Bentsen, Bernt Johan Marskar, Erlend Lunde og Kjetil Grønvigh (den gong utan Osablod-namnet) i ungdomsband på øving i Teigen-kjellaren.
– Teigen-huset til fri disposisjon og pizza på Giovanni etterpå. Det var tider, det! Men den gong slo det meg aldri at eg skulle skriva noko, eller gje ut noko sjølv. Å låna seg vekk har berre vore kos, komfortabelt og enkelt, synest Osbygda si soul-dronning.
Ole og USA
Inertia er tittelen på Gina Aspenes sitt debutalbum. Dei 12 låtane er spelte inn i Os, og delvis i Nashville.
– Det var nok Ole som fekk meg inn på det sporet. Etterkvart som eg blei kjent med han, og seinare var med på låta Diva Queen, har han stadig pusha meg på dette, seier Gina om Ole Reinert Berg-Olsen, like godt kjent som ORBO.
– Og då han bygde eige studio i Os, Hordaland Studio, skjønte eg at det berre var til å kasta seg ut i det. Og eg angrar ikkje eit sekund på at eg heiv meg ut i det. Det har vore svært gjevande og ein lærerik prosess på alle måtar.
Nærmast i smug har Gina skrive nokre låtar og desse var det berre til å blåsa støv av då ORBO si oppmoding fekk tonefall som ein kommando.
– Eg tok med meg det eg hadde og har fått god hjelp til ferdigstilling på det materialet som ikkje var klart.
I tillegg har Gina gjort som blant andre ORBO og osingane i Blue Note Shuffle, tatt turen til USA for å spela inn i studio hos Erick Jaskowiak.
– Mesteparten er spelt inn hos Ole i Os, men i USA fekk vi lagt på koring og saksofon.
Jaskowiak har spelt trommer på alle låtane, Ole er med på vokal, bass og gitar, Reidar Opdal på piano/orgel, Ine Tumyr perkusjon, Bendik Brænne saksofon og Hans Friis på trombone.
– Følte meg som ei lita mus
I USA fekk Gina dessutan med seg Bobby Keys på saksofon. Keys spelte på fleire Rolling Stones-album på 60- og 70-talet, og deltok på verdsturneen deira i 2006.
Men det som kanskje gjorde sterkast inntrykk på Aspenes var kordamene ho leigde inn i Nashville, Angela Primm og Gayle Mayes.
– Mange vil kanskje seia at eg er kraftfull, men då dei store, ruvande afroamerikanske damene kom inn i studio blei eg heilt mållaus. Eg sat meg ned i ein sofa inst i ein krok og følte meg som ei lita mus.
– "Kva skjedde med deg", sa Erick. Dei var så utadvendte og så sinnsjukt dyktige at eg klarte ikkje gjera anna enn å observera. Dei tok låtane mine og berika dei akkurat som eg hadde håpa på – og endå litt til.
Rørande sleppefest
Albumet har kome ut og laurdag 19. oktober var det sleppefest på Madam Felle i Bergen.
Med seg hadde Gina Tore Kvalvik (gitar) og Bjørn Moe (trommer) frå bandet ho framleis speler i, Nobody's Business, og Frank Halland (bass), Reidar Opdal (keyboard) og Annelise Ringsby og Inger Lise Drabløs til å kora.
– Det var heilt fantastisk! Eg var veldig spent, så det var utruleg kjekt at det kom så mange.
Madam Felle blei så smikkfull at dei som kom sist ikkje kom inn.
– Osingane er jo så patriotiske og støttar opp om kvarandre, eg blei heilt rørt over kor mange som kom til by'n denne kvelden, og for alle dei fine tilbakemeldingane.
I kveld skal Gina på scenen igjen.
Både før og etter minikonserten (kl 19) under nattope på Amfisenteret vil Gina sitja lett tilgjengeleg og signera cd-ar.
– Til helga skal eg til Oslo, men det er med Nobody’s Business. Som soloartist er målet å få til ein full konsert i Os i desember, og flest mogleg konsertar og festivalar neste år.
– Svalbard står høgt på ønskjelista, men eg speler kvar som helst i 2014.
– Opplevinga av å laga og gje ut eit album har vore inspirerande og gjeve meirsmak, dette blir nok ikkje siste utgjeving, seier Gina Aspenes.
Kveldens konsert på Amfisenteret blir følgt opp med breakdanceshow, moteshow og song av bror og søster Simen og Sanne Moesgård.