Gav ros og samtykke
Gir pengestøtte til søndagens solidaritetskonsert.
I gårssdagens møte i kommunestyret var det ikkje berre budsjett som var oppe til debatt.
Innsamlingsaksjonar har tradisjon for å invitera kommunen til bidra. Det gjeld og aksjonane i samband med dei årelege solidaritetskonsertane Os Kulturutvikling, Solbakkestova og Os kyrkje arrangerer saman.
Årets utgåve blir spelt (fri entré) i Os kyrkje førstkomande søndag.
Ordførar hadde sjølv laga innstilling i saka, med forslag om å støtta aksjonen, som også denne gang går til inntekt for Flyktninghjelpen, med 10.000 kroner frå formannskapet sitt disposisjonsfond.
– Eg har ordførar sin konto eg kunne gitt desse midlane frå, og det er gjerne litt spesielt at kommunestyret i dag får dela ut formannskapet sine pengar, sa Søviknes.
Varaordførar Marie Lunde Bruarøy har takka ja til å erstatta Karl Ole Midtbø som konferansier, og var første til å ta ordet.
– Eg vil berre nemna det, i tilfelle nokon skulle sjå på meg som inhabil til å behandla saka, men vil informera om det er heilt utan «benefits», sa Bruarøy.
Trine Lindborg (Ap) var neste og siste som tok ordet.
– Det er uaktuelt for Ap å stilla habilitetsspørsmål i denne saka, og eg vil takka varaordførar for at ho stiller som konferansier på denne viktige konserten, sa Lindborg.
Eit samrøystes kommunestyre sa ja til å støtta aksjonen med 10.000 kroner frå formannskapet sitt disposisjonsfond.
Årets artistar:
- Mighty Magnolias
- Eirik Søfteland
- Anna Neset
- Tetiana Sorochan
- RES (Erik Rolland, Øystein Engevik og Gunnar Engevik)
- Victoria Bakka
- Leif Østrem
- Solomiya og Nazar Romanyshyn
- Michael Clemente Lekven
- Jan Haaland
Konferansier: Varaordførar Marie Lunde Bruarøy
Lyd: Arthur Håkon Botnevik
Rigg og lyd: Nils Midtseter