Lokal | 09. apr. 2013

Gav namn til bar og kafé

– Det var nesten litt pinleg i vinna med dette namnet, seier Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy. Her er nokre av forslaga - og vinnarane.

Gav namn til bar og kafé
F.v.: Kjetil Vasby Bruarøy, Astrid Heggland,&nbsp;<span style="line-height: 1.538em;">Anne Rita og&nbsp;</span><span style="line-height: 1.538em;">Roald Mjelstad. Vidar Mjånes innfelt. (Foto: Andris Hamre/privat)</span>
Andris Hamretysdag 09. apr. 2013 21:26

I mars blei det teikna avtale med nye restauratørar i Oseana, Roald og Anne Rita Mjelstad vil driva både restaurant i førsteetasje og loungebar i foajeen.

Les òg: Ein plass der folk trivst

Samtidig som Oseana gjekk ut med namn på dei nye som skal servera oss i kunst- og kulturhuset, inviterte dei til namnekonkurranse.

Vidar Mjånes vann med sitt forslag for loungebaren, som skal heita Utsikten.

Det var fleire som hadde kome med Utsikten som alternativ, så Vidar vann etter loddtrekning mellom desse. Dei andre som sendte inn Utsikten får også premie, middag og billettar til to, i staden for fire.

– Eg har vunne både blues-billettar og gåverkort på Midtsiden før, men eg har aldri vunne noko namnekonkurranse. Dette var kjekt, seier Vidar.

Vidar sitt forslag for resturanten var Sjød'n, men her var det eit anna forslag som stakk av med sigeren.

– Litt pinleg

Kjetil Vasby Bruarøy vann med sitt forslag for restauranten, som skal heita: Oseana Kafé & Restaurant.

– Eg var veldig spent på kva av mine alternativ dei hadde valt då dei ringte og sa eg hadde vunne. Eit av forslaga mine var nemleg Kveito og Krabben, ler Midtsiden-redaktør Bruarøy, som i si tid også kom med namnet Oseana, utan at det den gong var ein namnekonkurranse.

– Etter at Osbadet fekk namn tenkte eg at eg i framtida alltid skulle ta med det enklaste og mest opplagte om eg deltok i ein namnekonkurranse igjen.

– Men det følest litt pinleg å vinna middag og billettar til fire personar for ein namn dei sikkert kunne kome på sjølv.

Han ser naturlegvis likevel fram til heilaftan på Oseana og ser ikkje vekk ifrå at han og Vidar, som er gamle karate-kameratar, kjem til å bestilla middag og billettar til same arrangement.

– Namnet følgjer staden

Roald og Anne Rita Mjelstad er nøgd med oppslutnaden rundt namnekonkurransen, og seier dei ville velja namn som står seg over tid.

– Vi har blitt einige med Oseana om at namna på restauranten og baren skal følgja staden, og ikkje oss eller driftsselskapet vårt, seier Roald.

– Derfor lager vi heller ikkje ei eigen nettside for mat og drikke i Oseana, alt er under eitt og informasjonen om oss kjem på oseana.no.

Dei som ikkje nådde heilt opp ...

Det kom inn 80 forslag til restauranten og 37 til loungebaren.

Her er nokre av dei:
Bjørnafjorden Panorama
Botnbordet
Casa Del Mar
Framskuten
Havblikk
Henrik
Konkursen
Koseana
Losen
MatrOS
Matstova
Meg og Deg…
Moviana
Oselvaren Restaurant
Perlen
Pølser, betong og video
Raudholmane
Restaurant Piren
Rongjo
Store OsaMjød
Storseglet
Stuerten
Svanen
Vetlekokken (ein av holmane i Sandholmane)
Vikjo mat og vinglede
Winsjansen

... og til loungebaren:
Avstikkeren
Bar Oskar
Boa Vista
Bølgen Bar
I kopp og glas
Kaffiskvetten
Liavarden
Mor Aase
Oksebåsen
Pilsen
Ripo
Robaren
Solbriz
Svaberget
Tofta

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.