Full fokus før NM
Kuventræ blir rigga for storinnrykk onsdag. – Fint vêr og spennande motstand, vi gler oss, seier Hassan El Fakiri før «Battle of bygdo».
I morgon er det klart for Os - Lysekloster i første runde i NM.
Les òg: Held Lysekloster som storfavoritt (med odds og sitat frå Thomas Sandal)
Dei to beste laga i kommunen møttest ikkje i 2015, men i 2013 og 2014 hadde dei til saman fem kampar mot kvarandre. Os vann to av lokaloppgjera (3-0 og 3-1), dei andre tre endte uavgjort.
No er Lysekloster i 2. divisjon og Os i 3. divisjon. Os hadde rett nok ein nesten like bra haust som Lysekloster, i naboavdelinga, men endte på 4.plass mens Lysekloster rykte opp. Begge har styrka stallen i vinter. Lysekloster har møtt mykje god motstand i treningskampar og opna serien med 1-2-tap for Lørenskog. Os vann begge kvalik-kampane 8-1 og vann serieopninga 2-0 borte over Lyngbø.
Korleis er stemninga og situasjonen i stallen til Os?
– Håper vi kan bita frå oss
Hovudtrenar Hassan El Fakiri seier han uansett må klara seg utan Christoffer Hafsås og keeper Morten Skeie.
– Det er dessutan 2-3 andre spelarar som er usikre, her får eg svar i løpet av treninga i ettermiddag.
– Kva tenkjer du om oddsen som er sett opp på kampen, 3,15 på Os-siger og 1,7 på Lysekloster?
– Den er vel sånn den skal vera, dei er ein divisjon over oss. Men det er berre snakk om éin divisjon, så vi går til kamp som om det er jamn motstand som møter oss.
– Korleis er stemninga i spelargruppa?
– Det er sikkert ein litt spesiell kamp for dei, men eg har i grunnen ikkje merka noko spesielt. Vi hadde ei god økt i går og alle verkar veldig fokuserte.
– Kva skal til for å ta seg vidare?
– Eg kjenner ikkje noko særleg til Lysekloster, eg veit ikkje om dei vil legga seg lågt eller om dei vil prøva å pressa oss. Uansett, om vi er tolmodige og har tempo, og er fokuserte både offensivt og defensivt, så kan vi klara å bita frå oss, kanskje òg å ta oss vidare til 2. runde.
– Det er kjekt både for spelarane og publikum med lokaloppgjer og vi gler oss over interessa dette skaper. Detter noko mange ser fram til, seier Hassan El Fakiri.
La ut 1500 billettar for sal
Laurdag starta billettsalet til kampen, både i klubbhuset og hos MX Sport. Det blir neppe like fullt som då Brann besøkte Kuventræ, men det kan vera praktisk å koma i køen for dei MED billett når du kjem til Kuventræ i morgon.
Ved tidlegare møte mellom Os og Lysekloster har det vore 50 meter med kø då kampen starta.
– Det er høg aktivitet her, både med å laga eit midlertidig ekstratrinn av paller på tribunen og med andre førebuingar.
– Det er også grei trafikk av folk som kjem innom klubbhuset og kjøer billettar, fortel Hassan.
Kampen startar klokka 18.00.
Kan du ikkje sjå kampen frå tribunen? Følg Midtsiden på Twitter for oppdateringar. Midtsiden er òg på Facebook og Instagram.