Sport | 11. apr. 2016

Held Lysekloster som storfavoritt

– Heilt grei odds, meiner Lysekloster-trenar Thomas Sandal før NM-oppgjeret på Kuventræ onsdag.

Held Lysekloster som storfavoritt
Ein omsverma Thomas Sandal etter at Lysekloster utlikna til 2-2 mot Os i 2013. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 11. apr. 2016 22:43

Bildeserie:

Christer Olsen har senka Lysekloster før. No har han skifta klubb, onsdag kan det gå motsett veg. (Foto: KVB)
Christer Olsen har senka Lysekloster før. No har han skifta klubb, onsdag kan det gå motsett veg. (Foto: KVB)
Sånn har det sett ut på tribunen under tidlegare derby. (Foto: KVB)
Sånn har det sett ut på tribunen under tidlegare derby. (Foto: KVB)
1 av 2

Etter 2015 i kvar si avdeling er det onsdag for eit derby av dei store; Os tar imot Lysekloster på Kuventræ.

Lysekloster er i divisjonen over, men Os hadde ein nesten like god haust i 3. divisjon.

5 derby på 2 år

Lysekloster sitt A-lag har aldri slått Os sitt A-lag. Dei to laga møtte kvarandre til saman fem gongar i 2013 og 2014.

I 2013 blei det 3-0 til Os på Kuventræ. Borte leia Os 0-2, men kampen enda 2-2.

I 2014 vann Os 3-1 i NM, begge serierundane enda uavgjort, 3-3 på Kuventræ (etter at Os leia 3-1) og 2-2 i Lysekloster idrettspark.

Har Lysekloster som favoritt

– Vi synest det er naturleg med Lysekloster som favoritt, men dette er eit av dei mest spennande og jamne lokaloppgjera i 1. runde og det blir absolutt ikkje enkelt for Lysekloster, seier oddssetjar Daniel Vasbund frå NordicBet.

– Men på ein normal dag vinn 2. divisjonslaget med eitt eller to.

Her er oddsen på NM-kampen Os - Lysekloster:
3.15 på Os
4.80 på uavgjort
1.70 på Lysekloster

Trivst med favorittstempelet

Lysekloster-trenar Thomas Sandal synest oddsen er grei.

– Historisk sett blir det jamt og tøft, men vi er ein divisjon høgare og kjem til Kuventræ for å vinna.

– Kva blir avgjerande i dette lokaloppgjeret?

– At vi er kald nok når det kokar. Det vil bli mykje vilje og mykje kriging, då gjeld det å halda konsentrasjonen og tempoet oppe.

– Kan dette bli eit spiss-spørsmål?

– Ja. Å setja sjansane er avgjerande. Eg håper det blir nok fart i kampen til at ikkje det berre blir kriging og tilfeldigheiter.

– Korleis ser stallen ut?

– Vi har litt smurusk her og der, men det ser ut til at vi kan ha alle disponible til kampen onsdag.

– Svensken spelte ikkje i serieopninga, er Petrit Zhubi klar til kamp?

– Vi har gode nordmenn og vi, mendet er godt mogleg at han får vist seg i NM-runden, seier Sandal.

Midtsiden kjem tilbake med kommentarar frå Os-leiren og korleis dei førebur seg på storinnrykk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.