Kultur | 12. mai 2016

Full fest før 17. mai

Laurdag speler Kurt på Peppes, måndag speler Olav på Catten.

Full fest før 17. mai
Både Kurt Røttingen frå Kurt Røttingen Band og Olav Skorpen frå Undercover er klare for å laga liv på Os før 17. mai. (Foto: KML)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. mai 2016 13:58

Mens 17. mai i år landar på ein tysdag held Brosteinsballet seg til laurdagen.

– Det blei ein suksess med Brosteinsball 17. mai 2015, som var på ein laurdag, men både i fjor og i år let vi dato vera dato og held oss til laurdagen, seier arrangør Steinar Lyssand om konserten som har tatt namnet til festen som var i gatene i Os sentrum på 80-talet.

– Det var utselt både i fjor og i forfjor. I førre veke hadde vi selt over halvparten av dei 300 billettane, så det blir nok fullt hus i år òg, trur Lyssand.

Speler for tredje året på rad

I år, som tidlegare år, er det Kurt Røttingen Band som speler på Brosteinsballet. Han har fått med seg ein heilt ny gitarist for anledningen, Vegard Henanger frå Sævareid i tillegg til det faste bandet.

– Vegard er ein veldig dyktig gitarist som det blir spennnande å spela saman med på laurdag.

– Det kjem til å bli ei fin oppleving med masse kjente låter, både country, rock og ballader. Her kan ein berre synga med eller ta seg ein tur på dansegolvet, seier Kurt.

Undercover på Catten

Også måndag 16. mai blir det livemusikk i Os sentrum. Då går Olav Skorpen, Eirik Søfteland og Jens Erik Aasmundseth på scenen på Catten som bandet

Undercover.

Les òg: Flittig trubadur fekk sin debut

– Her vil du få alt frå viser, pop, rock og disco. Det blir eit voldsomt leven, vi kjem til å gå hardt ut og så auka vi berre på utover, fortel Olav.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.