Flittig trubadur fekk sin debut
Bandet debuterte live på Søfteland i 2012. I går sleppte Grace & Menace sin første singel.
«Erfarne debutantar» skreiv vi i Midtsiden då det nystarta bandet The Beauty skulle debutera på Søfteland Rock N LOL. Leif Herland og Eirk Søfteland er blant dei lokale musikarane som har spelt eller speler i bandet.
– Dette var min debut som vokalist, fortel låtskrivar og frontfigur, den erfarne musikaren Jens Erik Aasmundseth, blant anna kjent som trommis i Major Parkinson.
Jens har spelt ein del i Os det siste året, med Olav Skorpen og Eirik Søfteland i bandet Undercover, blant anna på Sommerbåten, Statsraad Lehmkuhl og MS Midthordland med Os Næringsråd. Bandet speler på Catten måndag 16. mai.
The Beauty har skifta namn til Grace & Menace og sleppte sin første singel, «Barbed Wire», i går.
– Rundt halvparten av låtane vi spelte på Søfteland blir med på det komande albumet.
Albumet får 13 låtar og skal ut til hausten. Før den tid reknar Aasmundseth med å sleppa fem singlar.
Speler inn hos Kent-produsent
Sjølv om Jens hadde 15-16 låtar ferdig allereie hausten 2012 har det drøya med innspeling og platedebut.
Men så sendte han ein epost til den svenske produsenten Stefan Boman, som blant andre miksar og produserer eit av dei større banda i Norden, Kent.
– Eg hadde ikkje venta noko svar ein gong, og så får eg melding der det står «jag elskar din røst» med invitasjon til Stockholm.
For om lag eit år sidan blei dei første opptaka gjort, hausten 2015 var dei første låtane ferdig mixa.
– Det var heilt fantastisk å vera i studioet til Boman. Eg har likt Kent sidan albumen «Vapen & ammunition» og blei heilt starstrucked då Kent-trommis Markus Mustonen kom innom for å henta ein jekk då han skulle skifta dekk på bilen, ler Jens.
Satsar på seg sjølv
Å få Boman som produsent har betydd mykje for Aasmundseth, men var ikkje heile jobben.
– Å laga album kostar pengar, frå studioleige til å hyra musikarar. Det var berre til å byrja å spara.
– Eg har vore i diolog med fleire label, men sjølv om du er heldig og får napp hos nokre store er det ikkje gitt at dei set opp noko stort budsjett på akkurat di plate.
Det enda med at Aasmundseth starta sitt eige plateselskap. Han legg ikkje skjul på at det har kosta.
– Eg har aldri vore så fattig som no, seier han og ler.
– Men det kjennest godt. Det å gje ut noko, å ha låta si på Spotify, det er noko for seg sjølv. Det betyr ikkje noko om ingen lyttar til den, berre eg har fått laga min eigen musikk.
Sparepengar har gått med, i tillegg har han blitt sponsa litt av ein musikkinteressert næringsdrivande. Han har òg støtte frå foreldra.
– Eg har arva det musikalske frå mor og stå på-vilja frå far. Du treng begge delar, for det er mykje jobb.
150 spelejobbar i året
Jens har valt musikk som yrke framfor å ta mastergraden han i utgangspunktet hadde plan om. Han har to år på Lyd & Musikkproduksjon ved Noroff Fagskule, der han seinare har undervist i same fag.
I tillegg har han ein bachelor i musikkterapi ved Griegakademiet i Bergen.
– I februar byrja eg som kulturarbeidar i Askøy kommune, der eg jobbar med ungdom. Men det blir mykje kveldsjobbing som trubadur, gjerne tre spelejobbar i veka.
Han har vore så bestemt på å jobba med musikk at han for tre år sidan valte vekk noko mange trubadurar og musikarar har som del av livsstilen, å festa mens dei er på jobb eller etter at sjølve spelejobben er over.
– Det har aldri vore eit problem for meg, det er jo hyggeleg og sosialt å ta seg ein ein fest når du først er ute likevel.
– Men eg opplever at det er like hyggeleg å bli igjen på staden og snakka med dei som driv puben eller andre bransjefolk, og samtidig vera pigg og lett dagen derpå. Det er mykje jobb også på dagtid om du skal klara å ha musikk som levebrød, seier Aasmundseth.
Han er nøgd med valet om å bli straightedge, gladguten trivst framleis med totalavstand frå alkohol og andre rusmidlar.
– Det er ein fryd å kunna leva av musikken og å kunna gje ut sine eigne låtar, eg trivst med alt frå å jobba med ungdom til å klippa trommer og vera trubadur, seier Jens Erik Aasmundseth.