Sport | 09. okt. 2013

Full fart i Oshallen

Bildeserie: 80 ungar på handballskule i Oshallen i haustferien. – Det går unna for unna, smiler dagleg leiar i Os Turn handball, Leif Idar Røen.

Full fart i Oshallen
Det var ikkje noko å seie på innsatsen då Midtsiden var innom tysdag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. okt. 2013 11:31

Bildeserie:

Oppvarming er viktig. Innsatsen var det ikkje noko å seie på (foto: AH)
Oppvarming er viktig. Innsatsen var det ikkje noko å seie på (foto: AH)
Eg fekk tak i ballen... (foto: AH)
Eg fekk tak i ballen... (foto: AH)
Kast bak eigen rygg krev konsentrasjon (foto: AH)
Kast bak eigen rygg krev konsentrasjon (foto: AH)
Leif Idar Røen tek ein prat med nokre av spelarane som er ferdige for dagen (foto: AH)
Leif Idar Røen tek ein prat med nokre av spelarane som er ferdige for dagen (foto: AH)
Kast og grip er viktig, også på handballskulen (foto: AH)
Kast og grip er viktig, også på handballskulen (foto: AH)
Isak Røen frå herrelaget og Vilde Brattabø frå damelaget er to av instruktørane (foto: AH)
Isak Røen frå herrelaget og Vilde Brattabø frå damelaget er to av instruktørane (foto: AH)
Kamp om ballen (foto: AH)
Kamp om ballen (foto: AH)
Klarar eg å blokkera skotet ditt?? (foto: AH)
Klarar eg å blokkera skotet ditt?? (foto: AH)
Litt løye må ein finna på medan ein venter på å få kome på banen (foto: AH)
Litt løye må ein finna på medan ein venter på å få kome på banen (foto: AH)
Eg vil, eg vil... (foto: AH)
Eg vil, eg vil... (foto: AH)
Full fart på kontring (foto: AH)
Full fart på kontring (foto: AH)
Går den i mål?? (foto: AH)
Går den i mål?? (foto: AH)
Eg skal klara å få skotet forbi desse.... (foto: AH)
Eg skal klara å få skotet forbi desse.... (foto: AH)
1 av 13

Tradisjonen tru nyttar Os Turn Handball haustferien til å skapa aktivitet og glede blant heimeverande ungar når dei inviterar til handballskule.

– I år har vi faktisk to skuler.

Gjensidige handballskule dei tre første dagane med omlag 50 ivrige ungar.

– Torsdag og fredag blir det MX Sport sin handballskule, kor vi har vel 30 påmeldt, så totalt har vi eit tilbod til vel 80 born og unge denne haustferien, fortel dagleg leiar i Os Turn handball, Leif Idar Røen.

Seniorspelarar som instruktørar

Spelarane i alderen 6 til 13 år viser glede over å få tatt seg ut sjølv om det er haustferie.

– Det er kjempekjekt, fortel Nora når Midtsiden spør.

Som instruktørar har Røen fått med seg spelarar både frå dame- og herrelaget til Os.

– Dette er ein viktig dugnad for seniorgruppa.

– Dei kan ikkje berre kreva og få, men må yta noko tilbake til klubben òg.

– Du veit, dei er forbilder for dei unge handballspelarane i bygda og handballskulen er ein god arena kor dei unge får møte dei eldre.

– Samstundes trur eg det er god læring for dei sjølv òg, for nå må dei tenkja korleis dei sjølv gjer ting på handballbanen. Det trur eg dei vil ha nytte av på eigne treningar og i kamp, avsluttar den tidlegare herretrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.