Meining | 27. feb. 2022

Fryktar matvaremangel - støttar krav

– No er det alvor

Fryktar matvaremangel - støttar krav
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 27. feb. 2022 18:29

At eit fredselskande folk som det Ukrainske vert utsett for slike brutale overgrep som dei me no ser er ein katastrofe for heile verda.

Kommunestyremedlem og leiar i Partiet De Kristne Bjørnafjorden, Magne Djuvik, er uroa over situasjonen, også for Norge.

Djuvik, som òg er småbrukar og styremedlem i Midthordland Bonde og Småbrukarlag, tenkjer først og fremst på:

  • Norge sin sjølvbergingsgrad er på ca 30%
  • Norge har ikkje matvarelager.
  • Over tid har Norge bygd ned jordbruksland.

Bondevik II-regjeringa avvikla Norske kornlager tidleg på 2000 talet.

Norge er derfor heilt avhengig av å impotera korn frå Russland og Ukraina. Tilsamman er dei to landa verdas største kornprodusent.

Norsk Bonde og Småbrukarlag (NBS) har fredag 25. februar sendt brev til statsministeren.

Der ber organisasjonen regjeringa om å ta grep for å sikra nok matkorn.

Partiet De Kristne (PDK) støtta NBS i dette kravet.

Det er viktig at det er nok matkorn og såkorn slik at:

  • Norges befolkning får nok mat.
  • Det er såkorn på lager slik at landet kan sikrast matkorn også komande vinter.

PDK utfordra regjering og storting om å ta fatt i denne saka straks.

I tillegg meiner PDK at jordbrukspolitikken må leggast om slik at produksjonsjord blir teke i bruk til matproduksjon.

Partiet De Kristne Bjørnafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.