Fredrik skåra for Brann 2
Fredrik Heggland og Simen Lassen gjer det bra for ny klubb. No ventar treningsleir i varmen.
Fredrik Heggland (17) og Simen Helland Lassen (18) har hatt en god vinter i ny klubb og ny divisjon etter at dei to gjekk frå Os og 3. divisjon til Brann og førebels speling for Brann 2 som førebur seg på nok ein sesong i 2. divisjon.
Les òg: Fredrik og Simen går til Brann
– Dei har gjort veldig godt inntrykk, seier Brann 2-trenar Helge Nilsen til Midtsiden.
Fredrik skåra mot Fyllingsdalen
Dei to talenta frå Os har spelt tre treningskampar med Brann 2 i vinter. Det har resultert i to uavgjorte og éin siger.
Både Fredrik og Simen spelte frå start og mesteparten av kampen i alle dei tre kampane, Fredrik som midtstoppar og Simen som sentral midtbane.
Fredrik fekk i tillegg ei nettkjenning då han skåra på retur frå corner og sette inn 1-0 i kampen som enda 1-1 mot Fyllingsdalen.
Storsiger over Åsane
Brann 2 slo Åsane heile 7-1 i ein annan treningskamp.
Den blei utan Vegard Leikvoll Moberg som motstandar, for Leik er ute med skade.
Trivst godt
Simen seier han trivst godt i ny klubb. Det gjer også Fredrik.
– Brann byr på ein god utviklingsarena og det er godt miljø i stallen, seier Heggland.
9. mars reiser dei to på treningsleir til Tyrkia med Brann 2. Men allereie denne helga reiser Fredrik til varmen, på treningsleir med toppidrettsgymnaset til Spania i forkant av treningsleiren med Brann 2.