Fredrik og Simen går til Brann
Os-spelarane Fredrik Heggland (17) og Simen Helland Lassen (18) signerte i går overgang til SK Brann.
Dei to fotballtalenta Fredrik Heggland og Simen Lassen blir Brann-spelarar neste sesong.
– Eg kan ikkje anna enn å ønskja dei lykke til. Eg håper og trur det blir mykje speletid i 2. divisjon på dei til neste år, og at dei kjem til å halda fram med å utvikla seg som spelarar, seier Os-trenar Tore Nielsen.
Trur tida er rett
Simen har vakse opp i Jadakameratene og Os Turn Fotball, og går på fotballgymnas på Os.
– Eg trente med Brann også i fjor vinter, men då verka det meir usikkert om det blei Brann 3 og 4. divisjon på meg, eller om dei ville bruka meg på Brann 2 i 2. divisjon.
– Du får aldri nokon garanti, men eg trur tida er rett for å gripa sjansen, seier Simen.
Sa ja etter tre gode veker
Fredrik har vakse opp i Os Turn Fotball og er elev på fotballinja på Tertnes Toppidrettsgymnas.
– Brann sendte brev til Os Turn og eg var på første trening med dei rett etter sesongslutt.
– Eg er veldig takksam for tida mi i Os og måten trenarane har satsa på oss unge, men takka ja til Brann no når eg fekk sjansen, seier Fredrik.
Både Fredrik og Simen signerte overgang til Brann før treninga måndag kveld.
– Os bør vera stolt!
Tim Henrik Sperrevik, som var hovudtrenar for Os denne sesongen, fortel om to talent med svært gode haldningar.
– Simen og Fredrik er audmjuke, flittige og målretta, og trener langt meir enn dei 4-5 fellesøktene dei får gjennom laget. Dei er ein draum å ha i stallen både for trenarar og medspelarar.
– Vi som er klubb ute i distriktet blir gjerne ikkje sett så lett som laga nærmare Bergen sentrum. At vi likevel kan få fram spelarar på veg inn i toppfotballen er eit bevis på at det likevel går an.
– Dette bør vera til stor inspirasjon for alle dei unge spelarane våre, dette kan Os Turn Fotball kan vera stolt over, seier Tim.
– Simen og Fredrik får no igjen for mange år med knallhard jobbing og fokus på eigen utvikling. Dei kan nå så langt dei vil, og det er no jobben for alvor startar, legg han til.
Blir sakna
Tore Nielsen seier han og laget kjem til å sakna begge to.
– Simen og Fredrik har begge vore sentrale på A-laget i år. Men vi var førebudd på at dei kunne blir aktuelle på høgare nivå, og når nokon går er det som oftast andre som viser seg fram.
– Vi har fleire unge talent og er ikkje uroa for 2013-sesongen, legg han til.