To Framo-gull til Os
Sondre Herrevold og Mons Martin Borgen tok kvar sine gull under Framolekene i helga. I tillegg sette fleire deltakarar frå Os ny personleg rekord.
Årets Framolekene starta bra for Os Turn si friidrettsgruppe.
Torsdag tok Sondre Herrevovold gull i G15 spyd (600 g) då han kasta 43,55 meter, noko som også er ny personleg bestenotering.
Thomas Andre Brurås frå Norna-Salhus IL tok sølv med 43,52, berre 3 centimeter bak Sondre.
Mons Martin Borgen vann høgde i G18/19 då han hoppa 1,80, 10 cm under eigen pers.
Shafii ali Hashi frå Skjalg IL tok sølv med 1,75 meter.
Under 12 sekund på 100 meter
– Ingen av høgdehopparane hoppa særleg høgt under Framolekene, men det var godt nok til gull, seier trenar Jan Borgen.
– Men Mons Martin, som har vore ein del sjuk i mai, er på full fart tilbake. Det viste han blant anna på 100 meter.
I fjor persa han med 11,81, i helga var han under 12 sekund igjen då han sprang inn på 11,93 og tok 6. plass. Vinnaren var Henrik Overvåg frå Dimna IL, som sprang i mål på 10,92.
Mons Martin sprang også 60 meter. Der kom han på 5. plass med tida 7,65.
Fleire personlege rekordar
Jan Borgen gler seg over fleire gode resultat og personlege rekordar av dei unge osingane.
Paulis Plavoks sprang inn på 9,15 på 60 meter, noko som heldt til 8. plass av 17 startande i G12, og som er ny bestenotering.
På 60 meter for jenter 13 var det 23 startande. Her blei det 7. plass og ny pers til Kristine Malene Furebotn, som sprang i mål på 9.03.
– Til helga er det kretsmeisterskap og då stiller vi med fleire deltakarar. Blant dei eldste, som eg har ansvar for, er vi 7 deltakarar pluss eit stafettlag i klassen J13/14. Det er lenge sidan vi har hatt stafettlag i den klassen, seier Borgen.
Her er andre resultat frå Framolekene:
J-13 60 m
7. plass: Kristine Malene Furebotn, 9.03
15. plass Sofie Olsvoll Hausberg, 9.69
G-12 40 m
5. plass Paulis Plavoks, 6,48
J-13 200 m
12. plass Sofie Olsvoll Hausberg, 33,18
J-13 Tresteg
7. Sofie Olsvoll Hausberg, 8,57
J-14 200 m
15. plass Sunniva B Kvittingen, 33,30
J-13 Lengde
10. plass Sofie Olsvoll Hausberg, 3,84
14. plass Maria Thunhold Matthiessen, 3,24
J-14 Lengde
9. plass Sunniva B Kvittingen, 3,63
J-Rekr Lengde (klasse utan plassering)
Thea Hausberg, 2,17